1700 nye medlemer i Mållaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mållaget veks mest i storbyane

Noregs Mållag har opplevd ei veldig oppslutning etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen i januar gjekk ut og opna for å svekkja sidemålsordninga.

– Nasjonal mobilisering
– Dette er ei nasjonal mobilisering. Det er viktig for nynorsken og målsaka at Noregs Mållag er sterkast mogleg. Me er opne for å snu dei fleste steinane for å betra norskfaget, men éin ting ligg fast: elevane må få ein eigen karakter som viser kva dei kan, anten som standpunkt eller gjennom eksamen, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

LES OGSÅ: "Lilyhammer" gjer nynorsk-huer populære

Han legg til at stor medlemsvekst er ei god støtte og eit tydeleg signal om at nynorskbrukarar stiller seg bak standpunkta våre om sidemålet og utviklinga av norskfaget.

Oslo og Bergen
Det kjem til nye medlemer frå heile landet, men, ifølgje mållaget, det er ikkje tvil om at Bergen og Oslo aukar mest.

LES OGSÅ: VG-redaktør vil ha nynorsk

– Bergen Mållag er høgst på vervetoppen med heile 286 nye medlemer. Me har alt å takka vervekampanjen til Oddny Miljeteig, gruppeleiar for Bergen SV. Sjølv står ho ansvarleg for å verva 333 nye medlemer til Mållaget, og ein del av desse fordeler seg utover landet, seier Øvregård.

Oslo Mållag har fått 168 nye medlemer. I 2011 var det 10.433 betalande medlemer i Noregs Mållag, heiter det i ei pressemelding.