Eili Harboe (25) bytta hovudmål: – Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis

Skodespelaren frå Stavanger gjev Jon Fosse delar av æra for at ho no er nynorskbrukar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.11.2020 18:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid skrive mykje på nynorsk og vore fascinert av det som skriftspråk, men det var ikkje før i 2016 eller 2017 at eg bestemte meg for å ha det som hovudmål og å konsekvent skrive det i alle samanhengar, skriv Eili Harboe i ein e-post til Framtida.no.

– Det har vore veldig utfordrande, men eg føler det blir betre etter kvart som ein prøver seg fram.

– Korleis er det å uttrykka seg på nynorsk samanlikna med bokmål?

– Det kjennest meir naturleg for meg. Meir personleg på eit vis, svarar Harboe.

Jon Fosse-openberring

I 2013 spelte Eili Harboe hovudrolla i Kyss meg for faen i helvete, ein film om eit amatørteater som set opp Jon Fosse.

Det var etter at ho jobba med Draum om hausten, som er det stykket amatørteatergruppa i  spelefilmen set opp, at ho for alvor fekk augo opp for Jon Fosse sine tekstar.

No er ho fan og gjev språket hans delar av æra for at ho bytta hovudmål.

– Eg likar kor dynamisk samspelet mellom alvor og humor er, korleis ein ikkje alltid får vite så mykje om karakterane, men likevel får eit klart bilete av dei. Korleis han brukar naturen og møte mellom menneske.

Også regissør og manusforfattar Stian Kristiansen, som er gift med Harboe er sjølverklært Fosse-fan.

– Det er jo veldig enkelt, med nokre vilkårlege replikkar, men nokon må jo gjere det først. Ein kan meine kva ein vil om det, ein kan like det, eller ikkje, men han er ein heilt unik kunstnar i internasjonal samanheng, seier han til Framtida.no.

Er du ein like stor Fosse-nerd? Test deg sjølv i vår quiz!

Foto: Motlys

– Det kjendest veldig nært og tilstades

Harboe fortel at ho ikkje kjende så veldig mykje til Jon Fosse før arbeidet med filmen, men at ho hadde lese nokre kortare tekstar og utdrag.

– Eg hugsar ikkje fyrste gong eg las noko av Jon Fosse, men eg trur det var eit utdrag frå Lilla og eg tenkte at det var ein måte å skrive på som eg ikkje hadde vore borti før. Det kjendest veldig nært og tilstades. Det var ein lun, underliggjande humor som traff meg, skriv 25-åringen.

– Kva er di favorittbok/stykke av Jon Fosse?

– Naustet, Det er Ales, Stein til Stein, Nokon kjem til å kome.

– Kva er ditt favorittord på nynorsk?

– Samstundes.

Skodespelar Eili Harboe likar korleis Jon Fosse bruker naturen i møte mellom menneske. Foto: Jonathan Visaas Kise