Studentleiar: – UiO må erklæra klima- og naturkrise
– Det er ikkje berre realistisk, men heilt nødvendig at Universitetet i Oslo innfører svært ambisiøse klima- og miljøtiltak, seier leiar i Studentparlamentet, Christen Andreas Orvin Wroldsen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I helga var det årlege handlingsplanseminaret til Studentparlamentet i Oslo. Der var klimakrisa den store snakkisen, og Grønn liste fekk mellom anna gjennomslag for at Universitetet i Oslo skal erklære klima- og naturkrise.
Det var Universitas som først melde dette.
– Kutte i flyutslepp og kjøtbruk
– Vitskapen tilseier at det er krise. Vi i Grøn liste opplever at store delar av samfunnet ikkje høyrer på dette. Universitetet sit på mykje kunnskap, og vi må bruke det til å kommunisere at det faktisk er krise og at vi må gjere noko, seier leiar for Grønn liste, Axel Klanderud til Universitas.
Dei fekk også gjennomslag for fleire konkrete tiltak som at UiO skal kutte utsleppa frå fly med 70 prosent innan 2026.
– Eit anna viktig punkt er at Studentparlamentet ikkje skal servere kjøt på arrangement, til dømes under fadderveka, seier han og legg til at det også vart vedteke at UiO burde fase ut alle produkt som bidreg til avskoging og øydelegging av sårbare område.
- Les også: Bergen kommune erklærer klimakrise
– Heilt nødvendig
Leiar i Studentparlamentet, Christen Andreas Orvin Wroldsen, er nøgd med det som vart bestemt som hovudfokus for det komande studentåret.
– Det er ikkje berre realistisk, men heilt nødvendig at Universitetet i Oslo innfører svært ambisiøse klima- og miljøtiltak, seier han.