– Norsk olje sender folk på flukt

Pauline Tomren, leiar i Grøn Ungdom Vestland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei sameinte nasjonane (FN) er einige om at det største hinderet for å oppnå fred, er klimakrisa. Den 21. september er den internasjonale dagen for fred, og FN har valt «klimahandling for fred» som tema for årets markering.

Viss vi ikkje bremsar klimakrisa, kjem vi til å få færre og færre ressursar å rutte med, spesielt av mat. Då er det også stor fare for at det kan oppstå konflikt når fleire må kjempe for å overleve. Beskjeden frå FN er klar: Vi må slutte å gi fordelar til fossil brensel for å oppnå fred. Derfor må Noreg avvikle oljenæringa.

Vi må slutte å gi fordelar til fossil brensel for å oppnå fred

Av all oljen vi har funne i dag, veit vi at ¾ av den må bli under bakken viss vi skal klare å nå måla i Parisavtalen. Noreg har skrive under på Parisavtalen som seier at vi skal vere med på å halvere verda sine klimagassutslepp innan 2030. I fjor auka utsleppa våre, så vi er ikkje i nærleiken av å nå måla våre.

Resultata av at å ikkje redusere utsleppa våre, er at 14 millionar menneske kan bli tvinga på flukt kvart år på grunn av ekstremvêr og tørke. Mengda mat vi klarar å produsere kjem til å bli mindre, samtidig som behovet for mat kjem til å auke.

I fjor auka utsleppa våre, så vi er ikkje i nærleiken av å nå måla

I Dei sameinte nasjonane sine berekraftmål står det at dei industriane som forureinar mest, er dei som har moglegheit til å kutte mest i utslepp. Ein tredjedel av alle utslepp i Noreg kjem frå olje- og gassnæringa. Det er ingen parti i Noreg som vil skru av oljekrana over natta (det inkluderer mitt eige parti, dei Grøne), men vi må starte ei planlagt utfasing viss vi skal ta vår del av ansvaret.

Det tryggaste for verda og for landet vårt, er at vi startar med å bygge jobbar i næringar som ikkje gjer skade på miljøet vårt samtidig som vi avviklar oljenæringa.

Vi kan inngå fredsavtalar med land, men ikkje med jordkloden vår. For fred og mat i framtida vår, er det nødvendig at vi tar del i det internasjonale samarbeidet med klimahandling. Då må vi byrje bruke dei kloke hovuda og dyktige henda vi har i olje- og gassnæringa til miljøvenlege jobber.

Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no

Christina Figueres (t.v.) gir lista med klimatilråingar til Sofie Nordvik. Nordvik skal levera lista til FN på klimatoppmøtet 23.september. Foto: Ingvild Eide Leirfall