Send sensorane på kurs

Det er ikkje lett å kvalitetssikre vurderinga av elevane i norsk skule. Vanskelegast er det å setje rettferdige eksamenskarakterar. Det kan obligatorisk sensorskolering gjere noko med.

Åse Bjorvatn
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kom mai du skjønne milde» syng me, men for titusenvis av unge er mai månad alt anna enn skjønn og mild. Det er eksamenstid. Medan blomsterknoppane spring ut og badevatnet varmast opp, sit ungdommen og sveittar over avsluttingsprøvar. Resultata er utslagsgivande for dei unge si framtid, då vitnemålet avgjer sjansen på draumestudiet- eller jobben. Difor er det naudsynt å kvalitetssikre vurderinga, både av standpunkt og eksamen, så vitnemålet blir minst mogleg tilfeldig. Karakterane skal spegle av kva eleven kan, korkje meir eller mindre.

Sensorpar, sensormøte, klageinstansar. Alt er tiltak for å sikre ei rettferdig vurdering av eksamen. Likevel, det er underleg at ingen formelle kurs krevst for å vere sensor. Ein får tilbod om skolering, men dette er frivillig. På den måten dannast eit skilje: nokre sensorar blir kursa i korleis rette, medan andre får, satt på spissen, fullstendig makt til å setje karakter etter eigen magekjensle. Slik blir eksamenskarakterane unødvendige tilfeldige og urettvise. Heilt konkret: det forventast at eleven skal nytte og meistre fagspråket. Men må elevene snakke om ethos, logos og pathos i norskstilen, eller er det norske truverd, logikk og kjensle like greitt? Her sprikar sensorane som Borton sine staur.

Obligatorisk skolering av sensorar er fører ikkje berre til meir rettferdig vurdering, men ho hever òg kompetansen i skulen. For det første blir faglærarar og Utdanningsdirektoratet meir samkøyrde. Kurset formar ei felles forståing av læreplanen, korleis vurdere og kva som bør vektleggjast i vurderinga. Dette kan lærarane igjen nytte i undervisninga. Vidare blir kurset eit gyldent høve til å dele tips og erfaringar samt drøfte aktuelle problemstillingar i faget. Det skapast eit unikt fagmiljø, og lærarar får møte og justere seg etter kvarandre.

Konklusjonen er klar. Med obligatorisk sensorskolering får me i både pose og sekk; flinkare lærarar og meir rettferdige eksamenskarakterar.