Elvestuen vil vere først ute med utsleppsfrie hurtigbåtar
Den første utsleppsfrie hurtigbåten i verda er i ferd med å ta form. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen vil at Noreg skal vere dei første til å ta i bruk denne typen hurtigbåt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elleve fylkeskommunar har gått saman om å redusere utsleppa frå hurtigbåtane langs kysten. Tysdag fekk dei overlevert innovative forslag til utsleppsfrie hurtigbåtar frå fem konsortium.
Les også meiningsinnlegget: – Politikarar, grip sjansen til å svare elevane: Fossilfrie regionar innan 2030!
Kan vera på sjøen i 2022
Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier Noreg skal vere først ute med å ta i bruk den nye løysinga, skriv NRK.
– Vi skal vere det landet som først tek i bruk utsleppsfrie hurtigbåtar, og vi skal gjere det i stor stil. Dette er viktig, og staten vil støtte det mellom anna via Enova, seier han.
Det første nullutsleppsfartøyet kan vera på sjøen i 2022.
Samla utslepp frå hurtigbåtar var om lag 150.000 tonn Co₂ i 2016, og kvart år bruker hurtigbåtane 86 millionar liter diesel.
Les også: Fire snøggbåtar på Vestlandet forureinar like mykje som 200 bussar