Finland vil kutte import av soya
Jordbruksministeren i Finland vil kutta all import av soyabasert fôr, og heller produserea bondebønner innanlands.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Målet er å ha slutt på soyabasert fôr i Finland innan 2050.
Det er jordbruksminister Jari Leppä, i partiet Centern, som kjem med forslaget. Han meiner at import av soyabasert fôr kan fjernast heilt, ved å leggja til rette for meir dyrking av proteinrike kornsortar.
Det var Nationen som først omtala saka i Noreg.
Les også meininginnlegget til Knut (18): – Noreg, krev Amazonas-vern!
Sjølvforsynt med protein
I følge Leppä kan ein fjerna soyaimporten gjennom å dyrka bondebønner på 80.000 hektar, skriv Svenska Yle. Dette er mindre enn fire prosent av den dyrkbare jorda i Finland, i følge jordbruksministeren.
– Me er på veg i rett retning når det gjeld klimaendringar og mattrendar. Me har stort potensial i proteinrike vekstar. Viss me klarar å vera sjølvforsynte med protein ville det støtte lønsemda i landbruket, seier Lëppa.
Les også: Bønder sluttar seg til skulestreiken: – Vi krev klimahandling