Vindkraftmotstandarar startar nasjonal aksjonsgruppe
Vindkraftmotstandarar frå heile landet slår seg saman i ei nasjonal aksjonsgruppe. Dei lovar fleire og meir koordinerte aksjonar mot vindkraftutbygging.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei lokale aksjonsgruppene skal bestå, men Motvind-organisasjonen skal gi vindkraftmotstandarane ei klar stemme mot politikarar og andre aktørar, skriv NRK.
Eivind Salen, leiar i organisasjonen, seier til statskanalen at problemet etter hans meining er at vindkraftutbyggarane går inn i små bygder i landet der motstand lokalt har vore vanskeleg å organisere.
– Vi skal samle og sameine alle desse små plassane, seier han.
Demonstrasjon
Den nye aksjonsgruppa ønsker òg å hjelpe huseigarar og grunneigarar som føler seg overkøyrde av vindkraftutbyggarane, om så med rettslege skritt.
Organisasjonen skal driftast med medlemskontingent, dersom dei ikkje får sponsorar som gir dei økonomiske musklar, skriv NRK.
Søndag 8. september varslar den nasjonale aksjonsgruppa demonstrasjon i Oslo.