Får over 1000 nye studenthyblar
Desse studiebyane får støtte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsdepartementet har fordelt 242 millionar kronar til bygging av 1039 nye studentbustader for 2012. Sida 2005 har regjeringa totalt løyvt midlar til bygginga av 6318 studentbustader.
– Tilgang på rimelege bustader er viktig for studentane sin økonomi. Med årets løyving vidarefører vi den historisk store satsinga på studentbustadbygging og understrekar politikken til den raudgrøne regjeringa om at alle skal ha ein lik rett til utdanning, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland i ei pressemelding.
I årets fordeling blir om lag 2/3 av studentbustadtilskota gitt til pressområda. Dette er gjort fordi det er eit særleg behov for studentbustader i dei store byane. Stavanger, Oslo og Akershus får mest.
Samtidig er det framleis behov for fleire studentbustader i heile landet. Ved løyvinga er det også lagt vekt på talet internasjonale studentar og bustadmarknaden rundt studiestaden.
Sjå kvar dei nye studentbustadene kjem:
Studentsamskipnad i/for |
Tilsegn innvilga |
Sunnmøre |
35 |
Agder |
100 |
Stavanger |
146 |
Oslo og Akershus |
164 |
Ås |
100 |
Bergen |
100 |
Oppland |
87 |
Romsdal og Nordmøre |
10 |
Trondheim |
130 |
Buskerud |
5 |
Tromsø |
40 |
Sogn og Fjordane |
36 |
Hedmark |
55 |
Østfold |
31 |