Stortingspresidenten opna Barnevalet på Eidsvoll
Valurnene ved Barnevalet frå 5. til 10. klasse er no opne. Sjetteklassingar trur resultatet for vaksenvalet ville vore forskjellig om dei fekk bestemme.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Før valurnene opna måndag morgon, møtte stortingspresident og eidsvolling Tone Wilhelmsen Trøen (H) to elevar frå 6. klasse på Eidsvoll Verk skule.
Stortingspresidenten møtte sjetteklassingane i salen der Riksforsamlinga 17. mai 1814 underteikna Noregs grunnlov. Skuleklassen fekk vere med på opninga av dei digitale stemmeurnene ved valet arrangert av Redd Barna og Nordic Screens.
– Meir opptatt av skule og miljø
Hanna Bøhnsmoen (10) og Leona Hallonen-Jensen (10) fortel at dei den siste tida har lese seg opp på partiprogramma til dei ulike partia i kommunen.
Dei to sjetteklassingane seier dei skulle ønske at 10-åringar hadde stemmerett i Noreg, og trur at valresultatet ved valet deira blir litt annleis enn ved valet til dei vaksne.
– Vi er nok litt meir opptatt av skule og miljø. Dei vaksne er òg opptatt av det, men dei gjer ikkje så mykje for miljøet. Det er dumt, fordi viss vi ventar, så blir det berre dyrare og meir styr, og vi får kortare tid til å gjere noko med miljøet, seier Bøhnsmoen.
Ordførar: – Viktige tilbakemeldingar
Ho, Hallonen-Jenssen og rundt 50 medelevar røysta måndag morgon. Når dei digitale «stemmeurnene» stengjer 5. september klokka 16, blir stemmene talde. Dagen etter blir valresultatet presentert.
Då kjem òg Eidsvoll-ordførar John-Erik Vika (Sp) tilbake til Eidsvollsbygningen. Ordføraren er spent på om han vil få halde fram å bere ordførarkjeda om barna i kommunen får bestemme.
– Det viktigaste med Barnevalet er å lytte til det barna kjem med. Uansett kven som skulle bli ordførar blant barna, så er det viktige tilbakemeldingar frå barna som vi skal ta med oss, seier han.
– Alle stemmer skal høyrast
Barnevalet vart arrangert for første gong i 2017. Då røysta 60.000 barn. I år er målsettinga 100.000 stemmer på landsbasis. Ved lokalvalet i år kan barna stemme på alle dei store nasjonale partia i kommunane der dei stiller til val, i tillegg til lokale lister som fekk over 20 prosent oppslutning ved førre lokalval.
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen meiner prosjektet er godt, og at det er viktig at også barn blir invitert til å stemme og lære om demokratiet.
– Det gjer at dei får ein god vane med å stemme ved val. Det er jo òg dette vi arbeider for – at alle stemmer skal høyrast – slik at vi har eit reelt folkestyre i Noreg, seier Trøen.
- Les også om landets yngste ordførarkandidat: Om Nilofar (18) går av med valsigeren rømmer ho til Island
Vil at fleire skal delta
Sjølv om ikkje barn har stemmerett, har dei ei stemme og ein lovfesta rett til å bli høyrt. Det siste året har mange norske barn heva nettopp stemma og skulestreika for klimaet. Samtidig har valdeltakinga vore dårleg blant unge vaksne og andregongsveljarane dei siste åra.
Stortingspresidenten seier at ho framover vil sjå på korleis stemmeretten kan reformerast, slik at fleire deltar.
– Nokre meiner løysinga er å senke stemmerettsalderen, andre meiner vi kanskje må stemme på andre måtar. Eg trur at mange unge i dag synest det er rart at ein ikkje kan stemme digitalt, men vi må ta desse diskusjonane og debattane, seier Trøen.
- Les også om Ann-Christine (24) som står på liste for Pensjonistpartiet: – Eg kan tore forklare korleis det er for oss som er utanfor samfunnet, forklarer ho.
– Ekspertar på eigne liv
Generalsekretær Birgitte Lange i Redd Barna meiner det er viktig at barn tidleg får opplæring i korleis valsystemet er bygd opp, og korleis dei kan vere med på å påverke og bestemme.
– Det er viktig at stemmene til barn blir lytta til og tatt på alvor. Barn er ekspertar på eigne liv og har store føresetnader for å kunne meine mykje om viktige samfunnstema, om dei blir presenterte for dei på ein forståeleg og engasjerande måte, seier ho.
Det er viktig at stemmene til barn blir lytta til og tatt på alvor
Målet med prosjektet er å styrke demokratiet, seier initiativtakar og programleiar Stian Barsnes Simonsen.
– Det viktigaste for oss er at barn skal føle seg sett og høyrt. Ein annan ting er at om du har stemt annakvart år frå du er ni år, så sluttar du ikkje med det når du blir 18 år, seier han.
Han strekar under at prosjektet ikkje er eit forsøk på å lure barna til å tru at dei faktisk har stemmerett, men at det handlar om å lære barn om korleis val fungerer og å motivere dei til å engasjere seg i samfunnet.
- Finn din lokale Barnas valekspert og les intervjuet: – Sjølv om barn ikkje har stemmerett i Noreg, så bør vi ha ei stemme