Nafiso (17) er i Baku for å få verdsleiarar til å lytte

Ifølgje Redd Barna er 1 av 8 barn råka av ekstremvêr i år. Det gjer det ekstra viktig å lytte til unge, meiner Nafiso.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er på COP for å vere stemma til somaliske barn. Verdsleiarar må gjere meir enn å lytte, dei må handle.

Det seier 17 år gamle Nafiso frå Somalia på ein videokonferanse arrangert av Redd Barna. Ho har reist saman med organisasjonen til Baku i Aserbajdsjan, der årets klimatoppmøte (COP29) finn stad.

Ho har sjølv fått merke korleis klimaendringar påverkar barn. Somalia har vore ramma av meir ekstremvêr, med både tørke og flaum.

Under tørken får eg ikkje ete tre gongar om dagen. Nokre gonger får eg eitt måltid, nokre gonger to, fordi familien min er ikkje rik, fortel ho.

1 av 8 barn påverka

Ifølgje Redd Barna har 1 av 8 barn i heile verda blitt påverka av dei ti største ekstreme vêrfenomena i år. Fleirtalet av desse barna bur i land som ikkje er rike.

Det gjer at fattige barn og barn med andre utfordringar er ekstra utsette for å også bli påverka av klimaendringar.

Vanskelegare med skulegang

– Når klimaendringar slår til, er barn alltid sårbare.

Det seier Ibrahim (14) frå Nigeria. Han er talperson for Nigeria sitt barneparlament og også med på videokonferansen til Redd Barna.

Landet hans har hatt alvorlege flaumar det siste året.

– Flaum har påverka nærmiljøet mitt, sidan hus vart øydelagde og lokalsamfunn vart vaska vekk.

Han fortel at mange skulebygningar vart brukte for å huse folk som ikkje hadde nokon plass å bu, og Ibrahim kunne ikkje gå på skule på tre veker. No ber han om at deltakarlanda på COP29 tek omsyn til barn når dei skal bestemme kva dei gjer.

Ibrahim er i barneparlamentet i Nigeria. | Foto: Save the Children

Jobbar saman for å få til endring

– Eg har sett mange problem og mange som er triste. Eg vil fortelje verdsleiarar at mange barn går svoltne og er underernærte på grunn av klimaendringar, seier Nafiso.

Ho var også til stades på møtet i fjor, då det var i Dubai. Når Framtida.no spør korleis ho sjølv arbeider mot klimaendringar, fortel ho via tolk at ho planta 20 tre etter ho kom heim i 2023.

I tillegg jobbar ho med å opplyse fleire lokalmiljø om klimaendringar og kva dei kan gjere. Ho meiner det er viktig å arbeide saman som samfunn for å få gjennom endringar.

Ibrahim er einig, og fortel at han også jobbar med folkeopplysning i Nigeria.

Når han blir spurt om kva han ønsker frå verdsleiarane på klimatoppmøtet, seier han at dei må få til ein skikkeleg plan for korleis dei skal kjempe mot klimaendringar. Han vil også at dei pliktar seg til å følgje ein slik plan.

– Vi ventar at dei leverer på lovnadane sine, seier han.