Ein av seks er utlendingar
I 2011 var 15 prosent av alle arbeidstakarar i Noreg utlendingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I overkant at 2.560.000 personar hadde status som sysselsett i fjor, og så mange som 387.103 utanlandske statsborgarar fekk skrive ut skattekort, skriv Bergens Tidende.
Økonomiprofessor Kjell Gunnar Salvanes og kollega Rolf Brunstad ved Norges Handelshøyskole meiner auken i arbeidsinnvandringa av arbeidskraft etter EU-utvidinga i 2004 har hatt stor betydning for den økonomiske veksten og velstandsutviklinga i Noreg.
– Frå 2004 har innvandringa dreia frå asylsøkjarar med svake kvalifikasjonar til godt kvalifisert arbeidskraft frå Aust-Europa og Sverige. Og endringa har skjedd svært raskt, seier Salvanes.
EU-utvidinga medførte at borgarar frå Polen, Estland, Latvia, Litauen, Slovakia, Slovenia, Tsjekkia, Ungarn, Kypros og Malta fekk utvida tilgang til å ta arbeid i Noreg.
Mean det for åtte år sidan var 10.006 polske statsborgarar i Noreg med skattekort, var talet sjudobla i fjor.
Salvanes kallar det ei masseinnvandring, og det største sjokket i norsk arbeidsliv sidan den store utvandringa til USA for over hundre år sidan. (©NPK)