Vaksinepille for bjørkepollen godkjent i Noreg

Legemiddelverket har godkjent ei vaksinepille for dei som er allergiske mot bjørkepollen. Pilla vil truleg vere tilgjengeleg om to månader.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er gledelege nyheiter. Det vil gjere det enklare å få ei god behandling for dei som har alvorleg bjørkepollenallergi. Behandlinga er retta mot sjølve årsaka til allergien, ikkje berre symptoma, seier seniorrådgivar Anna Bistrup i Astma- og allergiforbundet til NTB.

Det er medisinselskapet ALK som står bak pilla Itulazax, som skal brukast i behandling av allergisk rhinitt. Bistrup seier at piller som behandlingsform gjer det meir tilgjengeleg for fleire.

– Behandlinga som har vore godkjent til no, er i sprøyteform. Pillebehandling vil spare både pasientane og helsestyresmaktene for mykje ressursar, seier Bistrup.

Fleire kan no få hjelp for plagene med bjørkepollen. Foto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Dagleg pille i tre år

Bistrup legg til at allergi er aukande i befolkninga, og at det er viktig at fleire pasientar blir klar over dei ulike behandlingsformene som har komme på marknaden.

Itulazax er godkjent for vaksne pasientar som har moderat til kraftig pollenallergisk rhinitt eller konjunktivitt.

Pilla skal takast éin gong om dagen, og behandlinga skal gå føre seg i tre år.

– Det er positivt at vi no kan tilby bjørkepollenallergikarar, som tidlegare ikkje har fått tilstrekkeleg lindring ved bruk av symptomlindrande legemiddel, ei ny vaksinasjonsbehandling som kan takast heime, seier Peter Arvidsson, som er medisinsk ansvarleg i ALK i Norden.

Dei reknar med at legemiddelet vil vere tilgjengeleg om to månader.

Han legg til at dei er glade for at produktet i tillegg er anerkjent av styresmaktene for kvalitetar gjennom heile trepollensesongen og ikkje berre under bjørkesesongen.

Mange slit med pollen

Dei kliniske studieresultata som ligg til grunn for søknaden selskapet sende inn, er ifølgje ALK dei mest overbevisande dei nokon gong har sett i samband med allergivaksinasjonsstudiar.

I overkant av 20 prosent av den norske befolkninga – rundt éin million – har ulike former for pollenallergi. Godkjenninga til Legemiddelverket omfattar pasientar med historisk allergiplager trass i symptomlindrande medisin.

Vardø Bymusikk, Knut Petterson i midten. foto: privat