NASA skal dyrka chili i rommet
Om forskarane lukkast med chilidyrkinga vert det den første fruktberande planten på den internasjonale romstasjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei gruppe forskarar frå NASA jobbar med å senda chili-plantar til den internasjonale romstasjonen, melder CNN.
NASA har allereie lukkast med å dyrka kinakål, mizunasalat, raud russisk grønkål og blomen zinnia på den internasjonale romstasjonen.
Mangel på vitamin og næringsstoff
I likskap med sjømenn i gamle dagar kan astronautar få mangelsjukdommar, dersom dei ikkje får dei vitaminane og næringsstoffa dei treng. Men det å vera i rommet fører til endå fleire utfordringar.
Mangel på tyngdekraft gjer at kroppsvæsker stig til hovudet på astronautane, noko som gjer at dei kjenner seg forkjøla. I tillegg opplever mange å mista smakssansen og å få dårleg syn.
Draumen om Mars
Målet er å finna frukt og plantar som kan bli med astronautar til Mars og livnæra dei i rommet.
Ifølgje NASA-forskar Jacob Torres vil den kortaste ruta til Mars ta to år. Ferdigmat vil kunne metta, men ikkje fullstendig dekkja astronautane sitt behov for vitaminar og næringsstoff.
Difor må forskarane finna måtar ein kan gro fersk frukt og grønsaker i rommet.
I 2016 delte astronaut Scott Kelly dette biletet av ein zinnia:
Yes, there are other life forms in space! #SpaceFlower #YearInSpace pic.twitter.com/BJFWvQXmBB
— Scott Kelly (@StationCDRKelly) 16. januar 2016
- Er du verdsmeister på verdsrommet? Sjekk kor mykje du kan om Mars!
Kan bli sendt ut i november
Nokre chili-plantar kan vere eigna til romdyrking fordi plantane er lette å pollinera og kan overleva i eit miljø med høgt CO2-nivå.
Planten som på engelsk heiter Española chile pepper er dyrka fram i New Mexico i USA. Chilien veks godt i høgda her på jorda og har ein kort vekstperiode. Chilien inneheld òg mykje C-vitamin og forskarane håpar det vil bøta på ein del av helseproblema som oppstår i rommet.
– Berre førestill deg å ha ein fersk chili å bita i etter månadar med å eta papp, seier Torres til CNN.
Ifølgje Torres gjer denne chilien det betre enn venta og allereie i november kan dei første plantane bli sendt ut til den internasjonale romstasjonen.
Les også: Enorm, mystisk masse funne under overflata på månen