Enorm, mystisk masse funne under overflata på månen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Baylor University i Waco i Texas offentleggjorde oppdaginga i ei pressemelding tidlegare denne veka. Dei trur det kan vere snakk om metall frå ein asteroide som kolliderte med månen og skapte det enorme krateret.

– Førestill dykk å gravlegge ein haug med metall som er fem gonger større enn øya Hawaii. Det er rundt rekna så mykje uventa masse vi har funne, seier Peter B. James, som er universitetslektor ved College of Arts & Sciences på Baylor University.

Han er hovudforfattar av ein studie om funnet som er offentleggjort i forskingstidsskriftet Geophysical Research Letters.

Er du verdsmeister på verdsrommet? Sjekk kor mykje du kan om Mars!

NASA-sondar

Nedslagskrateret i seg sjølv er ovalt, 2.000 kilometer breitt og fleire kilometer djupt. Trass i storleiken er det ikkje synleg frå jorda, fordi det er på den sida av månen som vender vekk frå oss.

Det var i Sørpol-Aitkenbassenget den kinesiske romsonden Chang’e-4 landa i januar, den første kontrollerte landinga på «baksida» av månen.

Forskarane ved Baylor University har på si side granska data frå to amerikanske NASA-sondar som har målt ørsmå variasjonar i gravitasjonsfeltet til månen. Prosjektet har namnet Gravity Recovery And Interior Laboratory (GRAIL), og dei to sondane gjekk inn i månebane nyttårsaftan 2012.

Målingane har gjort det mogleg for forskarane å danne seg eit detaljert bilde av det indre av månen. Dette er igjen kombinert med topografiske data frå ein annan månesonde.

Les meir om den kinesiske romsonden si bragd: – Dette er jo ei romfartshistorisk hending

To teoriar

Den enorme massen pressar botnen av krateret over 800 meter ned, ifølgje James. Teorien til forskarane er at massen er restane av jernkjernen i ein asteroide som i si tid kolliderte med månen, antakeleg for omkring 4 milliardar år sidan.

– Vi har rekna på det, og har vist at ein tilstrekkeleg spreidd kjerne frå asteroiden som slo ned kan ha vorte verande i mantelen til månen fram til i dag, seier James.

Ei anna moglegheit er at det dreier seg om ein konsentrasjon av oksid med høg tettleik, danna når eit hav av magma kjølte seg ned.

Les også intervjuet med nokre heldig utvalde ungdomane som fekk delta på European Space Camp på Andøya: – Eg kan ikkje tru det me har gjort! Me har skote opp ein rakett!

Tysdag 14. august fekk dei 23 deltakarane på European Space Camp skyte opp ein Mongoose-rakett med måleutstyr som dei sjølv hadde montert. Foto: European Space Camp