NASA opnar romstasjonen for turistar frå 2020

Private astronautar må ut med godt over 300.000 kroner døgnet for eit opphald på inntil 30 dagar. Men du må syta for eigen transport.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NASA vil opne Den internasjonale romstasjonen (ISS) for kommersiell turisttrafikk frå 2020. Men billeg blir det ikkje.

– Nasa opnar ISS for kommersielle moglegheiter og vil marknadsføre desse moglegheitene som vi aldri har gjort før, seier Nasas finansdirektør Jeff DeWitt.

Les også: Ein kinesisk romsonde har landa på ein tidlegare uutforska del av månen

To turar årleg

Den amerikanske romfartsorganisasjonen planlegg i første omgang to tur-retur-reiser årleg.

Opphaldet på romstasjonen skal kunne vare i opptil 30 dagar, og dei private astronautane må ut med 35.000 dollar, godt over 300.000 kroner, per døgn.

Den Internasjonale Romstasjonen går i bane nær jorda, i ein såkalt Low Earth Orbit. Foto: NASA

I tillegg må den som ønsker seg ein romtur, ordne med transport sjølv. NASA vil ikkje stå for reisa til ISS for verken privatpersonar eller bedrifter. Det vil derimot selskapa Space-X og Boeing, etter å ha fått løyve av NASA til å fly mellom romstasjonen og jorda.

Ein tur-retur-billett med eitt av desse selskapa vil koste om lag 500.000 kroner.

Hensikta med å opne romstasjonen for kommersiell trafikk er å betre NASAs økonomi og la privat sektor bli meir involvert i romfart.

– Det er stor entusiasme i kommersiell sektor for dette, trur Jeff DeWit.

Les også: NASA har funne 1.284 nye planetar