Nullutslepp – ein føresetnad for både klimaet og velferda vår
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Det grøne skiftet, overgangen frå fossile brensel til grøn energi er berre ein del av løysinga for at Noreg skal bli eit nullutsleppssamfunn.
Både offentleg og private sektorar kan kutte utslepp av klimagassar med nullutslepsteknologi.
Fornybar energi, biogass og hydrogengass vil for eksempel vere gjeldande som drivstoff i arbeidet mot eit lågutsleppssamfunn.
Nøkkelen til å bli eit nullutsleppssamfunn er samansett! Det finst fleire løysingar
Nøkkelen til å bli eit nullutsleppssamfunn er samansett! Det finst fleire løysingar.
Noko som er viktig når det kjem til å nå målet om at Noreg skal verte eit nullutsleppssamfunn er å formidle klimakunnskap til befolkninga. Det er mange tiltak kvar enkelt kan gjere for å bidra til å redusere det totale utsleppet av klimagassar, litt.
Tiltak som bidreg til å redusere utsleppet av karbondioksid kan vere så enkelt som sunnare matvanar i den norske befolkninga. Ved å erstatte animalske protein med plantebasert mat vil klimagassutsleppet bli redusert noko, i tillegg til ein gevinst for folkehelsa.
Tekstil- og moteindustrien er ein av dei industriane som forureinar mest globalt sett. Her er ein av løysingane for å redusere utslepp gjenbruk og redesign, fordi jo meir klede vi kjøper, desto større blir produksjonen samt miljøbeslastninga.
Alle har eit ansvar for å redusere antropogene utslepp av klimagassar
Alle har eit ansvar for å redusere antropogene utslepp av klimagassar, både politikarar og privatpersonar. Men myndigheitene kan legge til rette for forbruksendringar som gjev dei utsleppskutta som er nødvendige for å nå våre mål.
Les også intervjuet med Neda (18) om klimaseglasen: – Eg har kunnskapen, men det tyder ikkje at eg slepp ut mindre CO₂. Sjølv om eg prøvar å handle miljøbevisst, så er det ikkje så veldig lett