Noreg som nullutsleppssamfunn: – Vi må satse på ny teknologi
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I det siste har det kome mange nye artiklar som hevdar at Noreg ikkje kjem til å nå måla sett etter Paris-avtala. Økonomi kjem framfor miljøet, og mange viktige vedtak kjem ikkje gjennom Stortinget. Difor meiner eg at vi må satse på ny teknologi. Eit eksempel er eit kraftverk på Island som omdannar CO2 til kalkstein, og her på Universitetet i Bergen vert det også forska på måtar å omdanna klimagassar til andre nyttige stoff.
I Noreg produserer vi nok til å dekkje 98 prosent av energiforbruket, likevel kjem 84 prosent av straumen vi forbrukar frå olje, gass og atomkraft. Vi har vore flinke til å utnytte vasskraft, men vi er framleis eit «oljeland». Vi må satse meir på forsking og implementere nye berekraftige løysingar.
Vi har vore flinke til å utnytte vasskraft, men vi er framleis eit «oljeland»
Eg ynskjer å delta på dette prosjektet fordi eg for nokre år sidan var i Australia og dykka på «The Great Barrier Reef». Det var noko av det mest fantastiske eg har opplevd – å symje i ein undervasshage som har vore der i over 6000 år.
Dessverre, blant alle fargane, var det også store delar av korallrevet som var påverka av bleiking og andre stadar var skaden permanent: Korallane var døde. Om vi ikkje gjer endringar med det same, kjem heile korallrevet til å forsvinne innan 2050.
Eg ynskjer å vere med fordi eg er engasjert i klimadebatten og dedikert til å kjempe for miljøet.
Eg vart eit styremedlem i Hordaland Europeisk ungdom fordi EU har vore meir forpliktande i arbeidet for å betre klimaet, mens det har skjedd lite endring frå Noreg sine politikarar si side. Canada har nettopp innført ein skatt for CO2-utslepp som gjeld all industri og alle folk. Det har vist seg å vere ei godt fungerande lov i land som Storbritannia, så kvifor ikkje Noreg?
Utan at lover forandrar seg, kan ikkje samfunnet gjere det heller.
Teksten er sett om til nynorsk av Framtida.no.
- Les også intervjuet med Neda (18) om klimaseglasen: – Eg har kunnskapen, men det tyder ikkje at eg slepp ut mindre CO₂. Sjølv om eg prøvar å handle miljøbevisst, så er det ikkje så veldig lett