Tallerken for betre kosthald

Storleiken på tallerkane er ikkje som før i tida.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Januar er høgsesong for ønske om eit sunnare kosthald. Knepa for å lykkast treng ikkje vere så store.

– Motivasjonen til kvifor folk ønskjer å leve sunt kan variere, men for å lykkast er det viktig å setje seg eit realistisk mål. Og så må du ha ein plan. Det er for ullent å seie at du skal «ete sunnare». Ver meir konkret, seier ernæringsfysiolog hos MatPrat Vibeke Bugge. Saman med kollega Trine Thorkildsen kom ho med gode råd då Matprat nyleg presenterte nye, sunne middagsoppskrifter for pressa.

– I dag er det nyting og det gode liv som gjeld. Vi unner oss litt for mange utskeiingar. Før var det nesten berre i helga at folk koste seg med noko ekstra. I dag har vi omtrent like mange «kosedagar» som kvardagar. Det vil derfor vere utslagsgjevande for vekt og helse å innføre litt fleire kvardagar igjen, seier ernæringsfysiolog Trine Thorkildsen og understrekar at det fint går an å kose seg med sunn mat.

Måltidsrytme
– Ha ein jamn måltidsrytme gjennom dagen. La det ikkje gå for lang tid mellom kvar gong du et. Då vil blodsukkeret halde seg stabilt og du reduserer sjansen for å ete for mykje ved neste måltid. Det er ikkje bevist at det blir lettare å halde vekta om du et frukost, men det er ein større del overvektige blant dei som hoppar over frukosten, seier Thorkildsen.

Tallerken lurer deg
Har du lagt merke til at tallerkane i det gamle, staselege arveserviset du kanskje tek fram til jul og andre spesielle høve er mindre enn kva dagens kvardagsservise ofte er?

– Ver oppmerksam på at tallerkenstorleiken er større i dag enn før i tida. På 50-talet var ein vanleg tallerken 14,5 centimeter i diameter, i dag er han rundt 20 centimeter. Ein normal porsjon kan derfor sjå liten ut på dagens tallerkar, og då er det lett for at du forsyner deg med for mykje mat. Så pass på at tallerkane du brukar i kvardagen ikkje er av dei største, tipsar Bugge.

Også drikkeglasa er blitt større. No er det er fint og moderne med store vinglas på bordet, men det er ikkje dermed sagt at du bør fylle opp til randa.

Vi har fått eit unaturleg syn på «normal» porsjonsstorleik fordi industrien har gjort porsjonane større. Før fanst det til dømes 0,25 liter brus, no får du knapt tak i flasker som er mindre enn halvliterar. Dessutan er det billegare å kjøpe i storformat.

Dei to ernæringsfysiologane rår oss til å ete ei passe mengd mat, og forsyne oss ein gong. Det er ingen grunn til å ete seg stappmett, for det kjem fleire høve til å ete.

Tallerkenmodellar
Ernæringsfysiologane har tre modellar for korleis vi kan fylle opp middagstallerken.

For ein normal, sunn kost bør tallerken innehalde 1/3 proteinrike matvarer (kjøt, fisk eller egg), 1/3 stivelsesrike matvarer (poteter, ris, pasta eller brød) og 1/3 grønsaker.

For dei som vil gå ned i vekt må det vere litt annleis: 1/4 proteinrike matvarer, 1/4 stivelsesrike matvarer og 1/2 grønsaker.

For å bli meir uthaldande bør du forsyne deg slik: 1/4 proteinrike matvarer, 1/2 stivelsesrike matvarer og 1/4 grønsaker.

Det er lov å ete alt mogleg i eit sunt kosthald skal vi tru dei to ekspertane, men det er mengda som er avgjerande og kor ofte. Og så gjeld det å ete like mykje som du forbrenner, for å få energibalanse i kroppen. Å røre på kroppen er derfor også lurt. (©NPK)