Det er berre éin ting norske bønder «hatar» meir enn EU
Dyrevernorganisasjonar ligg nedst på lista over kor høg tillit ulike organisasjonar nyt hos bøndene.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske husdyrprodusentar har rett nok lite tillit også til EU, men tilliten til dyrevernorganisasjonar er endå lågare, ifølgje ei spørjeundersøking som er gjennomført av forskingsprosjektet Aniwel blant norske husdyrprodusentar.
Det skriv Nationen.
Tillit til Mattilsynet lokalt
– Ein tenker nok at dette er nokon som jobbar imot det ein sjølv arbeider for. Elles er det viktig å merke seg at husdyrprodusentane har høg tillit til Mattilsynet, og at tilliten er høgare til Mattilsynet lokalt enn sentralt, seier Oddveig Storstad, som er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) og ein av forskarane i Aniwel-prosjektet.
Til saman 1.546 husdyrprodusentar frå heile Noreg har svart på undersøkinga.
Svara konkluderer med at det er helsevesenet som nyt størst tillit, følgd av politiet, Norges Bondelag, Bonde og Småbrukarlaget og Mattilsynet lokalt.
- Les også innlegget: «Griseindustriens hemmelegheiter er ute i offentlegheita»
Svinebråk, pelsdyr og rovdyr
Dei tre nedste plassane på lista som er attgitt i Nationen, er media, EU og dyrevernsorganisasjonar (sist).
Undersøkinga er tatt opp i ein periode med mykje uro, like etter at Mattilsynet gjennomførte ein omfattande tilsynskampanje for slaktegris i Rogaland også etter mykje debatt om pelsdyrnæringa og om beite og rovdyr.