Når ting ikkje går som dei skulle

Linn Isabel Eielsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For berre ei veke sidan, leita eg etter ein plass å bu i Bergen. Eg hadde søkt meg inn på ein teikne- og designskule, og hadde i eit par augeblikk fått trua på at eg kom til å kome inn.

For fyrste gong i mitt liv hadde eg eit par veker kor eg følte meg god nok, og eg tenkte at ting kanskje kom til å lausne litt. Fram til nå har kvar einaste veke kjenst som ein kamp.

Så fekk eg avslagsbrev. Eg kom ikkje inn i Bergen, og eg kom ikkje inn nokon annan stad i Noreg heller.

Heile framtida som eg hadde skissa føre meg gjekk i dass rett framfor auga mine. Er eg ikkje ok til det eg driv med? Kan eg ikkje teikne? Har eg ikkje det som trengst for å bli det eg håpar på å bli? Tankane spann, og eg var så flau. Eg klarte ikkje å sjå føre meg korleis verda kunne stå neste morgon.

Neste morgon stod verda.

Og så fortsette ho også.

Eg står utan skuleplass og utan nokon som helst plan for kva eg skal eller vil gjere til hausten. Det var liksom ikkje sånn det skulle bli, ikkje for meg som alltid planlegg og har jobba for karakterar som opnar moglegheiter.

«Dei som ikkje veit kva dei skal til hausten» blei veldig raskt til «Vi som ikkje veit kva vi skal til hausten», og det er jo ikkje eigentleg flautt. Eg tenker jo ikkje mindre om dei andre som ikkje kom inn på førstevalet, så kvifor skal eg tenkje mindre om meg sjølv?

Men kanskje det er greitt. No pakkar eg tinga mine og flyttar til Oslo, i håp om å få ein restplass eller komme inn på ein privat teikneskule. Ting blir sjeldan som eg meiner dei burde bli, men kanskje det er til det beste. Kanskje eg finn eit eller anna på vegen. Ein stein, eller noko.

No finn eg trøyst i eit sitat frå ein av Vigdis Hjorth sine bøker, kor ho skriv «Den kunst som utvikler seg under motstand, ydmykelser ser annerledes ut enn den som straks blir omfavnet og anerkjent av alle».

For kor bra blir historia dersom det går bra heile tida?

Les også om reportasjen om Guro Helene Sørdalen (22) som kjem til å verte blind før ho er 40 år: – Før kunne eg sjå stjerner. No kikar eg hardt, leitar, men dei dukkar aldri opp