Tre elevar frå Hordaland har gått saman om å opprette facebookgruppa «Wait for it 2020» for å inkludere alle i russefeiringa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen skal kjenne seg åleine. Nokon får ikkje vere med i russegjengane. Det er vi leie av, seier Victoria Halleraker til NRK.

Halleraker, Hanne Stranden Oma og Alvilde Hellebø merka at klassemiljøa deira allereie har byrja å bli splitta nesten eitt år før russefeiringa. Dei fortel at i klassene deira samlar medelevar inn pengar, skriv kontraktar og planlegg ferieturar til Kos og Geilo.

Visste du at det i år også fanst feministruss? Les om dei alternative russeknutane deira her! 

Skal hindre einsemd

Da dei sjølve vart utanfor, tenkte dei det nok var mange andre i same situasjon, og ville snu det til noko positivt som kan hindre at andre elevar blir einsame. Difor oppretta dei facebook-gruppa, der alle skal vere velkomne.

«Wait for it 2020» skal ha den første samlinga si etter sommaren og ynskjer medlemmer frå heile Noreg. Jentene skal til Landstreffet i Stavanger og håpar så mange som mogleg kan samlast der.

Les intervju med russepresidenten for Oslo og Akershus: – Russen er på mange måtar mykje betre no enn før