WWF får TV-aksjonen for 2020
Miljøorganisasjonen WWF Verdens naturfond ønsker å trappe opp kampen mot plastforsøpling med hjelp frå TV-aksjonen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er veldig glad for å kunne følgje innstillinga frå Innsamlingsrådet om å tildele aksjonen til WWF, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen i ei pressemelding.
NRK oppgir at det var 13 søkarar som ønskte TV-aksjonen.
– Blant mange gode søknader var det WWFs som fekk tilslutning i rådet, seier Erik Samuelsen, som er leier i innsamlingsrådet i NRK.
Åtte milliardar kroner
TV-aksjonen blir arrangert for 47. gong i 2020. Det er sidan oppstarten samla inn nærare åtte milliardar kroner.
Generalsekretær Bård Vegar Solhjell i WWF la ut eit Facebook-bilete av full jubel på kontoret etter tildelinga:
– Det er vanskeleg å setje ord på kor mykje dette betyr for oss i WWF. Dei enorme utfordringane som plastforsøplinga fører til for menneske og natur over heile verda, krev omfattande løysingar og global innsats. Med hjelp frå TV-aksjonen vil vi stå langt sterkare i kampen mot plastforsøplinga, seier Solhjell.
Det er organisasjonen CARE som har årets TV-aksjon, som blir arrangert 20. oktober.