WWF: Staten kan tape milliardar på Aasta Hansteen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då gassplattforma vart vedtatt opna i 2013, var Olje- og energidepartementets vurdering at utbygginga verka «som eit samfunnsøkonomisk lønsamt og tilstrekkeleg robust prosjekt».

I si nye berekning kjem WWF fram til det stikk motsette, skriv Dagbladet. Dersom gassprisen held seg uendra fram mot 2027, vil staten ha tapt 8,4 milliardar kroner på utbygginga, ifølgje WWF.

Nytt reknestykke

Forskjellen på berekningane er at WWF har rekna inn effektane av skattesystemet, delen av leitekostnadene som blir dekt av staten og at utbygginga har blitt fleire milliardar kroner dyrare enn rekna med, hevdar organisasjonen.

WWF har også sett på kva gasskontraktar fire år fram i tid blir handla for på gassbørsen Pegas og kva framtidige gassprisar regjeringa nyleg la til grunn i revidert nasjonalbudsjett.

– Vi kjem nok til å vere mot både denne og andre olje- og gassutbyggingar uavhengig av økonomi, fordi vi må la mykje olje og gass liggje. Men dersom det i tillegg er sånn at vi som stat ikkje tener pengar på det, bør det få heilt andre miljø til å vere bekymra, seier Bård Vegar Solhjell, generalsekretær i WWF, til Dagbladet.

– Resultatet får me når oljefeltet er stengt

Politisk rådgjevar Christian Haugen (Frp). Foto: SMK

Ifølgje Olje- og energidepartementet viste lønsemdsvurderinga som låg til grunn for avgjerda om å byggje ut Hansteen-feltet i 2012, at feltet kunne bli ulønsamt før skatt ved eksempelvis vesentleg lågare gassprisar enn det som låg til grunn for investeringsvedtaka til oljeselskapa.

– Spørsmålet i dag er ikkje å reversere utbyggingsvedtaket, men å byggje vidare på dei allereie gjennomførte investeringane. Kva avkastinga faktisk blir for Hansteen-feltet, avheng av gjennomføringa av prosjektet, kva ressursar som blir produserte og endringar i eksterne faktorar, medrekna olje- og gassprisen. Resultatet er ikkje kjent før feltet er ferdig med å produsere og stengt ned, seier politisk rådgjevar Christian Haugen (Frp) i departementet. (©NPK)