Solberg sparka i gang aksjon mot netthat
For første gong blir nett-aksjonen Rusken arrangert. Målet er rydde opp i «søppelet» i kommentarfelta på nett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Startskotet for aksjonen gjekk på Youngstorget tysdag morgon. Statsminister Erna Solberg og youtuber Dennis Vareide var blant dei som heldt appellar.
– Det har skjedd noko med nettet, verkemiddelet som kunne bidratt til demokrati, ytringsfridom og auka forståing. Det har vorte litt rote, sa Solberg, som sjølv har opplevd netthets og engasjert seg i temaet også tidlegare.
Les også: – Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar
Stilnar stemmer
Statsministeren er særleg bekymra over at sjikanen mange blir utsette for, stilnar stemmer Noreg treng i den offentlege debatten.
– Mange opplever at dei ikkje kan delta fordi hetsen, sjikanen, utfordringane har vorte så mykje større. Eg meiner politisk debatt skal kunne vere tøff og tydeleg og at det er bra at folk engasjerer seg i saker, men ein må kunne gjer det utan å sjikanere folk som meiner noko anna, sa ho.
Netthatfilter
I samband med aksjonen er det lansert tre nye verktøy i kampen mot netthat. Eit av dei er Telias netthatfilter, som skal få bloggarar, mediehus og andre som uttrykker seg på nettet, til å tenke seg grundig om før dei publiserer hatefulle ytringar.
Rusken blir for arrangert for første gong av folkerørsla mot netthat, No Hate. 30 organisasjonar frå alle delar av norsk samfunns- og næringsliv deltar i mobiliseringa. Amnesty International, Redd barna, WWF, Røde Kors og Kripos er blant organisasjonane som deltar.
Les også intervjuet med Ali Hamza som vurderte å slutte i politikken på grunn av netthat: – Eg forventa sakleg kritikk, men eg fekk ting som var basert på min hudfarge, min etnisitet, meg som person og korleis eg ser ut