Ny undersøking: Ein av fire nordmenn meiner nokre menneskerasar er smartare enn andre
I ei fersk undersøking svarer 25 prosent av dei spurde at dei er heilt eller delvis samde i påstanden om at «noen menneskeraser er mer intelligente enn andre.»
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Direktør i Bufdir, Mari Trommald, seier til NRK at ho er overraska over at så mange har stereotypiske haldningar til rase og at rase betyr noko for intelligens.
Ho understrekar at rase er eit omgrep som i dag ikkje blir brukt om menneske, men at forskarane bak rapporten har brukt uttrykket bevisst for å finne ut kva folk legg i det, som eit forskingsmessig grep.
Les også: – Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar
– Bekymra for konsekvensane
Det er ingen skilnader mellom aldersgrupper i haldningar til «rase»-spørsmålet, men ideen om at menneske kan rangerast etter «rasar», er meir utbreidd blant personar med lågare utdanning, viser undersøkinga.
– Vi er bekymra for konsekvensane av dette. Negative haldningar kan avgrense enkeltpersonar moglegheit til å delta i samfunnet, og gi ei oppleving av manglande tilhøyrsel til samfunnet dei lever i, seier Trommald.
Forskingsstiftinga Fafo har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir). 4.443 personar har deltatt i undersøkinga som kartlegg haldningar om likestilling og diskriminering.