Håpar på løysing for Yousef
Statssekretær beklagar at det har tatt så lang tid for statslause born i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Yousef Shamari (17) ventar enno på svar frå barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken om han snart kan få eit pass. Han har budd i Noreg i 14 år, og vore statslaus like lenge. Mange andre born er i same situasjon.
Sist veke gjekk Barneombodet ut og sa at det er uakseptabelt at born er statslause. For over to år sidan gjekk høyringsfristen ut for eit forslag om avklaring av situasjonen for dei statslause borna. Barneombodet purra på svar i april i år, men har enno ikkje fått svar.
I helga kom statssekretær Henriette Westhrin med dette svaret til Nettavisen:
– Vi ynskjer at dei som kom til Noreg som born og har budd her lenge, skal kunne bli norske statsborgarar og få alle rettar og norsk pass. Årsaka til at vi senda saka på høyring, er at vi ynskte å endra noverande praksis. Gjennom høyringsprosessen kom det fram ulike meiningar, difor tek det litt tid – men regjeringa håpar å landa dette snart.
Ho vil ikkje vere meir spesifikk i tilhøve til når ei løysing kan vera klar. Innlegget som Yousef Shamari skreiv om situasjonen sin på Framtida.no før valet gjer inntrykk på statssekretæren:
– Han skriv ein sterk blogg, som viser der viktig det er å få løyst dette problemet. Eg skjønar godt det han skriv. På ein måte er det fint at han set det norske statsborgarskapet så høgt, seier ho til Nettavisen.