Jeremy Corbyn vil erklære nasjonal klimakrise i Storbritannia
Onsdag skal det britiske parlamentet stemme over kor vidt klimaendringar er ei nasjonal krise. Det gjev Greta Thunberg håp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Jeremy Corbyn frå det britiske arbeidarpartiet (Labour) annonserte i helga at han vil tvinge parlamentet til å stemme over kor vidt ein skal erklære ei nasjonal miljø- og klimaendring-krise i Storbritannia.
Meldinga kom i kjølvatnet av konfidensielle dokument som synte at regjeringa berre har brukt ein brøkdel av midlane dei i 2015 sette til sides for å støtte prosjekt som fremja rein luft, skriv The Guardian.
Les også: Ho vil gjere USA hundre prosent fornybart innan ti år
Frå demonstrasjon til handling
Klimaendringane har stige til topps på den politiske dagsorden i landet etter at aktivistar frå Extinction Rebellion heldt ein ti dagar lang demonstrasjon i London.
Ifølgje The Guardian seier Jeremy Corbyn at protestane har vore «ein massiv og nødvendig vekkar» som krev «rask og dramtisk handling, som berre felles handling frå regjeringa og ein grøn industriell revolusjon kan levere».
Forslaget frå Labour inkluderer å rulle ut fornybar og lågutslepps-energi og -transport, å sikre finansiering for å snu den negative trenden i artsutrydding, samt planar om å bevege landet mot ein zero waste-økonomi, skriv The Daily Mirror.
BBC melder at også Nicola Sturgeon frå Det skotske nasjonalistpartiet (SNP) på søndag erklærte ei nasjonal klimakrise på årskonferansen til partiet.
Gjev Thunberg håp
Den svenske klimaaktivisten Greta Thunberg besøkte det britiske parlamentet førre veke.
16-åringen presenterte seg då med å seie at ho «snakkar på vegner av framtidige generasjonar».
Vidare fortalde Thunberg at ho dei siste seks månadane har reist Europa rundt – på tog, med elbil og buss – og gjentek den same beskjeden om att og om att. Men det latar til at ingen snakkar om det, eller høyrer etter.
– Det grunnleggjande problemet er det same overalt, og det grunnleggjande problemet er at ikkje noko vert gjort for å stogge, eller ein gong sakke, klima- og økologi samanbrotet.
No håpar Thunberg at andre politiske parti verda over tek etter Labour.
”Labour launches bid to declare a national climate emergency.”
Hopeful! Hope other politcal parties all over the world will follow. This sends a clear message and we can’t solve an emergency without treating it as an emergency. #ClimateBreakdown
https://t.co/IteoO2lWD8— Greta Thunberg (@GretaThunberg) 28. april 2019
Les også om rapporten: Slik kan verda gjerast utsleppsfri innan 2050