Kjempar mot nynorskhat

Marte Bergo Hildal og medstudentane hennar blei så lei av haldningane til nynorsk på UiO at dei har gått til motaksjon.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har sett oss leie på professorar som hånar nynorsken, seier jusstudenten Marte Bergo Hildal frå Stord. For nokre veker sidan starta ho Blindern Nynorske Skipnad saman med Linda Hjelle frå Førde og Anne-Sofie Frøland frå Ørsta. No er dei 25 medlemmar, og målet er å bli mykje større. Me treff dei på kontoret dei har skaffa seg i kjellaren på Blindern Studenterhjem.

Førelesar spotta med song
Jentene har fleire historier om korleis tilsette ved Universitetet i Oslo behandlar nynorsken. På ei av førelesingane til Marte Bergo Hildal byrja ein amanuensis på Det juridiske fakultet i Oslo å syngja "Hanen stend på stabburshella", og spurte så studentane om dei forstod kva han song.

– Ein annan dag spurte ein av førelesarane om nokon av elevane syntest det var kult at lova me hadde om var skriven på nynorsk. Eg var den einaste som rekte opp handa, fortel Marte Bergo Hildal, og forklarar at på førsteavdeling er mange av dei viktigaste lovene dei lærer om skrivne på nynorsk – noko som tydelegvis irriterer fleire av professorane.

– Det er ikkje fine manérar, seier prodekan for studier ved Det juridiske fakultet, Marit Halvorsen, til opplevingane hennar. Ho seier det vanskeleg å halda oversikt over korleis dei fleire enn hundre førelesarane deira oppfører seg, og oppmodar studentar som har noko å klaga på til å ta kontakt.

Måtte masa seg til nynorsk-eksamen
Medisinstudenten Anne-Sofie Frøland fortel at ho måtte masa seg til eksamen på nynorsk, sjølv om ho er meldt opp med nynorsk som hovudmål.

– Det tok si tid, og då eg til slutt fekk eksamen, var det ein god blanding av nynorsk og det me kallar nydansk, seier ho. Og dei gongene ho har skrive brev eller epost til studieadministrasjonen – på nynorsk – har ho aldri fått svar på nynorsk, slik offentlege etatar er pålagd å gjera etter mållova.

LES OGSÅ: Politiet bryt lova

Bøkene deira er på bokmål og engelsk, og det fører til at dei fleire gonger må leita etter nynorske fagord. Anne-Sofie Frøland jobbar på ein sjukeheim, og der lurar folk på om ho er frå utlandet sidan ho snakkar så uvant. Alle dei tre fortel at dei av og til må bruka austlandsord for å bli forstått.

Har du tips til Framtida? Ta kontakt på epost, eller ring 94 87 53 65!

Plakatar blir rivne ned
– Formålet vårt i Blindern Nynorske Skipnad er hovudsakleg å skape merksemd rundt språket, og endra mange austlendingar si negative oppfatning, fortel Marte Bergo Hildal.

Mellom tiltaka deira er plakatar med "ord for veka" på fellesareala og doane på Blindern.

– Me bruker ord som er litt spesielle, slik at folk legg merke til dei, slik som åtgaum og byrgskap, fortel ho. Fleire gonger har dei opplevd at plakatane er rivne eller tagga ned.

LES OGSÅ: Universitetet i Bergen får stryk

Dei har dessutan invitert førebiletet deira, humoristen og satirikaren Are Kalvø, til å koma på ei tilstelling. Eposten dei fekk av han, der han skreiv at han førebels ikkje har tid, har dei hengt opp på veggen deira på Blindern Studenterhjem.

Studentane har fått med seg at den tidlegare kringkastingssjefen frå Sogn, Einar Førde, har åtvara mot at nynorsk utviklar seg til eit elitespråk.

– Me har ikkje problem med at nynorsk er eit elitespråk. Me vil vera eliten, seier Marte Bergo Hildal.

Har du opplevd nynorskhat? Fortel om opplevinga di i kommentarfeltet!

Faktaboks

• Ei undersøking frå i vår viser at Universitetet i Oslo ikkje oppfyller nokon av krava til nynorsk i mållova.
• Under 2 prosent UiO sine skjema er på både bokmål og nynorsk.
• På uio.no er det berre 4,3 prosent av innhaldet som er på nynorsk.
• Mållova seier at minst 25 prosent av trykksakene og tekstane på nett skal føreliggje på nynorsk.
Les meir her!