≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Høgare utdanning

Milevis unna nynorskkrav

UiO oppfyller ingen av krava til bruk av nynorsk. Studentmållaget meiner universitetet ikkje tek nynorskbrukarane på alvor.

Gabriel Steinsbekk/Universitas
onsdag 25. mai 2011 11.09

Milevis unna nynorskkrav BANK I NYNORSK: Universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe er milevis unna både krava til Språkrådet og eigne målsetjingar for nynorsk. FOTO: Skjalg Bøhmer Vald

– Det er ikkje noko nytt at UiO bryt mållova. Vi er likevel veldig skuffa. Det er dumt for studentane at dei ikkje oppfyller krava, og lovar er jo til for å bli følgt, seier Tina Fauskanger, leiar i Studentmållaget i Oslo.

Ho er svært misnøgd med at Universitetet i Oslo (UiO) ikkje oppfyller nokre av mållovens krav om at minst 25 prosent av trykksaker og tekstar på nett skal vere på nynorsk. Berre 2 av 115 dokument som UiO rapporterte inn til Språkrådet i 2010 fanst på begge målformer, viser ein gjennomgang som Språkrådet har gjort. Dette er ulike dokument retta mot studentane, og inneheld alt frå eksamensoppgåver til pressemeldingar. UiO klarte heller ikkje å nå opp til nokre av dei andre krava i mållova.

Spesielt ansvar
Studentmållaget har òg tidlegare kritisert UiO for mangelen av nynorsk, spesielt eksamensoppgåver som ikkje finst på begge målformer.

– Eg føler at eg ikkje blir teke på alvor som nynorskbrukar av UiO. Mitt hovudmål blir ikkje verdsett og respekt. Situasjonen er veldig synd for dei som bryr seg om språk, seier Fauskanger.

UiO får òg kritikk frå førstekonsulent Astrid Marie Grov i Språkrådet.

– UiO gjer det dårleg på slike undersøkingar, i likskap med mange andre universitet. UiO har likevel eit spesielt ansvar som landet sin største utdanningsinstitusjon til å i alle fall oppfylle krava i mållova. Dei set ein standard for andre, og den burde vere positiv, seier Grov.

Tiltaksplan for nynorsk
Universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe er ikkje nøgd med resultata.

– Det er sjølvsagt for dårleg. Denne tilbakemeldinga er likevel så konkret at eg forventar at dette blir raskt retta opp, seier ho.

LES OGSÅ: Universitetet i Bergen får stryk

Språkrådet opplyser at det ikkje finst nokon straffetiltak i mållova. Dei er difor avhengig av velvilje for at tiltak for å betre situasjonen skal bli gjennomført. UiO har i sin tiltaksplan for nynorsk eit konkret mål om nynorsk på nettsidene sine. Nynorskprosenten skal vere 10 prosent innan 2015.

Sjølv om UiO skulle nådd målet om 10 prosent nynorsk innan 2015, ville dei enno vere langt unna å oppfylle 25 prosent som mållova krev.

– Det går framover, og vi arbeider stadig betre. Dette har med kapasitet å gjere der krava til Språkrådet er blant dei mange og ulike krav frå styresmakter utanfor UiO, seier Bjørneboe.  

– UiO tek på alvor alle dei krava som påligg oss. Vi arbeider difor seriøst med dette, seier ho.

Prioriteringar
– Er du skuffa over at ein ikkje har kome lenger med dette?

– Så lenge vi ikkje oppfyller krava til lova, kan ein ikkje vere nøgd. Men eg er nøgd med fokuset vi har på det, seier Bjørneboe.

– Kvifor er det så vanskeleg å oppfylle nynorskkrava?

– Eg trur det har noko å gjere med prioriteringane av dette området. Det er difor vi må halde fokus og vere medvitne. Eg trur vi må ta dette med endå større grad av alvor, for når UiO først bestemmer seg for noko, så får vi det til, seier Bjørneboe. 

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!


Oppdatert: onsdag 25. mai 2011 11.13
Kommentarar



Faktaboks

• Ei ny undersøking viser at UiO framleis ikkje oppfyller nokon av krava til nynorsk i mållova.
• Under 2 prosent UiO sine skjema er på både bokmål og nynorsk.
• På uio.no er det berre 4,3 prosent av innholdet som er på nynorsk, langt under kravet på 25 prosent.
• Mållova seier at minst 25 prosent av trykksakene og tekstane på nett skal føreliggje på nynorsk.
• UiO får kritikk av blant anna Språkrådet og Studentmållaget i Oslo. 

 
ANNONSE: