– Unikt mediesenter i Noreg
Sogndal vidaregåande skule har fått 100.000 kroner i regionale utviklingsmidlar til vidareutvikling av prosjektet Campus Media.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Unikt medie- senter i Noreg
Medielina ved skulen er involvert i ei rekkje prosjekt innan dans, fjellsport og web-tv.
– Dette er viktig utviklingsarbeid. Det gjer skulen til ein unik læringsarena i nasjonal samanheng, seier prosjektleiar og filmlærar Johnny Flaten, som saman med Inge Kjell Holme og Ole Karten Birkeland utgjer prosjektgruppa.
Storskjermen
Ein viktig del av Campus Media er samarbeidet med Sogndal Fotball. Når Sogndal spelar heimekampar er det medieelevar som bestemmer kva som blir vist på storskjermen.
– Jobbinga er svært lærerik og inspirerande. Storskjermsendingane har nerve og er 100 prosent realistiske med publikum til stades på arenaen, seier Silje Bråstad, elev på medielina.
LES OGSÅ: Medielevar streamar breibandskonferanse
Sogndal vidaregåande skule har også avtale med TV2/Digital Broadcast om at elevane får hospitera i regibussen til TV2 under kampane. Der følgjer dei direktesende fotballsendingar bak kulissane, vert det opplyst i ei pressemelding.
Fjellsport og filmfestival
Samarbeidet mellom skulen og Fjellsportfestivalen er ein anna del av prosjektet Campus Media starta alt for to år sidan. Dei regionale utviklingsmidlane skal blant anna nyttast til å utvikle dette samarbeidet vidare. Noko av pengane skal også gå til Sogndal Filmfestival.
Medieelevane ved skulen har ei rekkje oppdrag på blokka. Nyleg gjennomførte dei eit multikameraprosjekt på Opera Nordfjord, og 1. november streama dei ein stor konferanse på Voss på oppdrag frå Kommunaldepartementet.
I desember skal dei blant anna overføre Julelutt i Førde og fylkestinget på Hermansverk i nett-tv.