Slik påverkar du kommunen din
Tips til korleis du kan få meir pengar til det du vil gjera i fritida – eller korleis du kan hjelpa til slik at skulen din kan få pengar til oppussing.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Akkurat no, i november og desember, bestemmer politikarane i kommunen din kor mykje pengar dei skal bruka på skular, bibliotek, symjehall, idrett, fritidsklubbar og mykje meir til neste år.
Dei fleste kommunar kallar inn til opne høyringar gjennom heimesidene sine. Då kan det vera lurt å møta opp, anten gjennom elevrådet, ungdomsrådet, ungdommens kommunestyre, fotballaget eller ein annan organisasjon. Fleire stader er det også mogleg å møta som privatperson.
Brit Holø, leiar i Ungdommens Fylkesting i Oppland, meiner det er viktig å vera til stades i høyringar.
– Ja, det er viktig at ungdommar uttalar seg. Ungdom lyt uttale seg for å få innflytelse. Eg har til dømes vore med på uttalar i kommunestyret heime i Skjåk og i fylkestingen i Oppland.
Har du nokre tips til korleis ungdom kan påverka i høyringar?
– Ungdom må fylgja med på saker. Så kan ein til dømes få ungdomsrådet sitt eller Ungdommens fylkesting til å uttale seg direkte, eller ein kan ta kontakt med vaksne politikarar.
Har du nokre gode døme der ungdom har fått gjennomslag i høyringar?
– Vi har uttala oss mykje når planar har vore ute på høyring, både i kommunen og i fylket. Vi var mellom anna med å påverke planen for folkehelse i Oppland. Her fekk vi grøne kantine som ein del av folkehelseplanen. Elevar på dei vidaregåande skulane skal ha tilbod om sunn mat til ein billeg penge, og brusen skal bort.
LES OGSÅ: Her får du støtte til gode idear
– Det er du som er eksperten
Vetle Wang Soleim er leiar av Nasjonalt ungdomspanel, og sit også som nyvalt kommunestyrerepresentant og medlem i formannskapet i Smøla.
– Å vera til stades i høyringar har myke å seia for kva utfallet for den einskilde saka blir. Det er i høyringsrundane ein har høve til å påverka saka og få lagt inn sine ynskjer og mål. Spesielt i forskjellige plandokument som fylkesplan, kommuneplan, plan for helse- og omsorg osb. blir mange mål sett. Disse måla er noko som kommunen skal jobbe for å oppnå, så dei har mykje å sei.
Vetle meiner det er viktig å tenkja på at det er ungdom som er ekspertane på korleis det er å vera ungdom i dag. Då er det viktig at stemma til ungdom blir høyrt.
Dette er tipsa til Vetle:
– Få med deg kva tid det er høyring.
– Sett seg godt inn i høyringa
– Gi gode innspel som er godt grunngjeve
– Held kontakt med politikar og ansvarleg i administrasjonen for å høyre korleis det går med saka vidare.
– Det kan vere lurt å senda høyringsfråsegna til presse og media, eventuelt kan du laga ei pressemelding. Då kan du få litt merksemd, noko som er bra!
– Få med deg lokalavisa til skulen som treng oppussing og vis korleis forholda eigentleg er. Dette vil gi mykje merksemd, og politikarane vil føle eit press for å gjera noko med det, oppmodar Vetle Wang Soleim.
LES OGSÅ: Tiril har med omn på skulen
LES OGSÅ: – Skulkar gymmen på grunn av sopp
Har du andre tips eller gode døme på saker der ungdom har fått gjennomslag? Tips oss i kommentarfeltet!
Er det noko du ikkje er nøgd med i kommunen din? Ta kontakt med oss!
Faktaboks
Her finn du heimesidene til alle kommunane i Noreg!
Under "Politikk" finn du som oftast oversikt over møteplanen der det står kva tid det er opne høyringar.