Flest jenter på røykeområda
Røyk og snus kostar ungdomane dyrt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Femti røyk om dagen, og eit pengeforbruk på fleire tusen i månaden. Slike vanar blant skuleungdom tvingar fram ekstrajobbar for å finansiere forbruket
Susanne Vaka (18) frå Ølensvåg har røykt i fire år. Ho begynte så smått med festrøyking, fordi «alle andre» røyker. Sondre Kleppe (18) begynte å røyke som 16-åring, han røykte i cirka to år før han gjekk over til snus. Han slutta med røyk og begynte med snus fordi det er billigare og lukter mindre, men han røyker på fester.
Monika Stråbø (24) frå Ølensvåg, er ein av mange studentar som er fast røykar. Til saman bruker ho 1.000 kroner i månaden på tobakk, og ho røyker 50 tynne sjølvrulla sigarettar dagleg. Ho seier at det går veldig ut over hennar økonomi, og at det er pyton å tenkje på kva anna ho kunne brukt desse pengane på. Sidan ho begynte som 16-åring er summen ho har brukt på tobakk 80.000 kroner.
– Eg begynte å røyke for at det var noko dei «kule» gjorde, og at dette då gjorde vegen inn i den rette gjengen kortare. I tillegg så synest eg det er sosialt å røyke, og det er ein lett måte å komme i kontakt med folk, seier Monika Stråbø.
Pengar opp i røyk
Susanne Vaka bruker omlag 2.500 kroner i månaden på røyk, og er nøydt til å arbeide for å finansiere forbruket. Ho jobbar annakvar helg og i feriane på Kiwi i Ølensvåg.
Sondre Kleppe har verken jobb eller anna inntekt utanom stipendet, likevel bruker han omlag 1.000 kroner i månaden på snus og litt røyk.
– Når mamma skal på butikken spør eg berre om ho kan kjøpe ein pakke snus, og som regel pleier det å ordna seg. Eg har også nokon kompisar som reiser til Sverige innimellom og familie som reiser til Syden, då pleier dei å kjøpa med seg tax-free snus, seier Sondre Kleppe.
Susanne Vaka spelar handball og har merka at røykinga har gått utover kondisjonen. Monika Stråbø har vurdert å slutte å røyke, både på grunn av økonomien og dei helseproblem som ho kan få. Nokre av dei problema som ho nemnar er kols, brunkitt og kreft. Det går også hardt utover kondisen, og ho vaknar ofte opp med sår hals. Men ho legg til at ho sluttar den dagen ho blir gravid.
– Eg skal bli politi, og har planar om å slutte den dagen eg er ferdig utdanna, seier Sondre Kleppe.
Jenter
Dette skuleåret går Monika Stråbø andre året på kokk og servitør i Ølen, og ho fortel at då skuleåret starta i fjor var det to av ti som røykte i klassen hennar, og då dei slutta var det seks av ti som røykte.
Dette året er det seks av sju i klassen hennar som røyker. Vidare fortel ho at det er mange i hennar vennekrets som røyker, og at det berre er fire av veninnene hennar som er røykfrie. Monika seier også at det er fleire jenter enn gutar som røyker.
Ho oppfattar det slik at gutane snusar i staden for å røyke. Grunnen til dette trur ho er at det er meir gruppepress blant jenter enn gutar, og at det då er lettare å bli utestengd dersom ein ikkje røyker. På skulen er det klart overtal av jenter på røykeområdet.