Bygdepride skal dele ut pris
Bygdepride blei arrangert for første gong i fjor, og i år blir det festival i Ørsta og Volda frå 8. til 12. mai i år – med prisutdeling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er fyrste gongen Bygdepride-prisen blir delt ut, og alle kan vere med å nominere kandidatar opplyser Bygdepride i ei pressemelding. Mørenytt skriv at føremålet med prisen og feiringa er å formidle at det er heilt OK å vere skeiv på bygda.
Les også om då Gloppen-ordføraren heisa regnbogeflagget: – Det verda treng er meir kjærleik
Fremje rettar også på bygda
Utdelinga vil skje i samband med paraden som skal vere i Volda 11. mai. Prisen skal gå til ein eller fleire som har utmerkt seg for å fremje eigne rettar og rettane til andre i lokalsamfunnet, eller har kjempa for at andre skeive skal kjenne seg heime på bygda.
Bygdepride har sett ned ein eigen jury som skal avgjere kven som får prisen. Alle kan nominere ved å gå inn på nettsida Bygdepride.no.