Undersøking: Menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner
Rundt 1,1 millionar nordmenn må sjekke mobilen før det har gått éin time, og menn sjekkar oftast, viser ei undersøking frå InFact for mobil og IT-kjeda Mobit.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Tar vi utgangspunkt i undersøkinga, er minst 25 prosent av oss fullstendig avhengige av å sjekke mobiltelefonen kontinuerleg, seier sals- og marknadsdirektør Rolf Paulsen i Mobit.
Undersøkinga omfattar berre dei som er 18 år eller eldre. Paulsen meiner difor at talet truleg er mykje høgare om ein reknar med dei yngre òg.
Er du for mykje på telefonen? Her er fem tips for å redusere bruken!
Småbarnsforeldre er verst
Undersøkinga InFact har utført viser at menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner, og at det er småbarnsforeldre mellom 30 og 44 år som er dei mest ivrige på å sjekke mobilen.
– Det er inga overdriving å hevde at mobiltelefonen er den viktigaste tingen i livet til folk. Mobilen grip inn i kvardagsliv, familieliv, fritid og jobb. Det som føregår i livet til folk, skjer i stadig større grad gjennom mobiltelefonen, seier Paulsen.
Les også: 15 måtar mobiltelefonen har endra samfunnet på
Åtvarar mot mobil i bil
Sjølv om Paulsen ikkje moraliserer over all mobilbruk, peikar han spesielt på ein ting han ber folk halde seg unna.
– Men vi må aldri gløyme kontakten og dialogen med kvarandre, og det eg mest av alt vil åtvare mot er surfing under bilkøyring. Det er livsfarleg, seier han.