Total mannsdominans på utdanningane til gitar, bass og trommer
No vil utdanningsinstitusjonar ta grep for å sikre at fleire kvinner søkjer til studieretningane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Institutt for rytmisk musikk har aldri hatt ein kvinneleg gitarist som student. Vi kan ikkje lenger berre snakke om dette problemet, vi må gjere noko, seier universitetslektor Hilde Norbakken ved Universitetet i Agder.
Kvinner spelar ikkje «guteinstrument»
Universitetsavisa har gått igjennom søkjartala frå ei rekkje institusjonar for høgare musikkutdanning i Noreg.
Tala er viser ei klar overvekt av mannlege søkjarar som ynskjer å verte gitaristar, bassistar og trommisar.
Gitar | Bass | Trommer | ||||
Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | |
UiO: Musikkvitskap (bachelor) | 40 | 0 | 8 | 0 | 16 | 1 |
NTNU: Institutt for musikk | 18 | 0 | 14 | 0 | 26 | 1 |
UiS: Fakultet for utøvande kunstfag | (Ikkje oppgjeve) | 1 | (Ikkje oppgjeve) | 0 | (Ikkje oppgjeve) | 1 |
UiA: Institutt for rytmisk musikk | 47 | 1 | 15 | 3 | 35 | 2 |
Universitetet i Oslo poengterer ovanfor Universitetsavisa at tala gjeld i hovudsak el-bassistar og el-gitaristar.
Ikkje medrekna dei mannlege søkjarane hjå UiS, er det med andre ord 105 menn som søkjer til gitarstudium og to kvinner. 37 menn som vil verte bassistar, berre tre kvinner. 77 menn som vil spele trommer og fem kvinner.
Med omsyn til at dei også må gjennom opptaksprøver, er tala på kvinner som kjem inn nok endå lågare.
Les også: Fleire gutar vel kvinnedominerte fag på vidaregåande
Mannsdominans på alle nivå
Det er ikkje berre i studentmassen at kjønnsfordelinga er skeiv. Det er også ein tydeleg mannsdominans på undervisingsfronten.
– Fram til for tre år sidan var eg den einaste kvinna på instituttet, og eg er vokallærer. Det er veldig stereotypisk – alle instrumentlærarane er menn, mens kvinnene jobbar innanfor vokal og låtskrivarfeltet, seier Hilde Nordbakken til Universitetsavisa.
Ho fortel at UiA aktivt arbeider for å betre kjønnsbalansen på studiane: Dei har mellom anna utarbeidd ei nettbasert verktøykasse med idear til tiltak, inkluderer kvinner aktivt i kommisjonane til opptaksprøver, og er meir merksame på kjønnsbalansen i biletbruk og informasjon.
Les også om Henriette (18) som drøymer om å setje seg bak rattet på ein diger Scania.
Dei små vala skal ta rotta på mytane
Også på NTNU ved institutt for musikk har dei gjort nokre grep, fortel instituttleiar Michael Francis Duch, men han understrekar at det er mytane ein må til livs. Det er ikkje noko som heiter gute-instrument eller jente-instrument. Slike førestillingar slår også ut den andre vegen: Ifølgje Duch er over 90 prosent av dei som utdannar seg til sangarar kvinner.
Duch understreker at dei små vala i kvardagen vert viktige.
– At ein tenkjer balanse når ein bookar festivalprogram, spelar musikk av ulike komponistar og tenkjer på kva musikkeksempel ein brukar i undervisninga, seier han til Universitetsavisa.