Liberal studentstreik for framtida

Olav B. Soldal & Anne Kristin Villar Sundal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er eit viktig prinsipp i den liberale staten at folket skal kunne påverke og endre samfunnet på fredeleg vis. Det er også viktig for arbeidsliv og velferdsstaten at streik kan nyttast som verkemiddel for å forhandle fram samfunnets goder og byrder, også for framtida. Klimakampen er ein kamp for vårt livsgrunnlag. Det er eit spørsmål om eit større klimabudsjett for framtidige generasjonar.

Klimastreiken angår på alle måtar oss som snart skal inn i yrkeslivet.

Klimapolitikk generelt betyr å vege opp mellom utgifter for større klimatiltak i dag, mot endå større utgifter i morgon, utover kostnader knytta til klimatilpassingar eller irreversible miljøkonsekvensar. Det er sjølvsagt at det grøne skiftet skal føregå på ein demokratisk styrt måte. Dette er ikkje kva debatten går på.

Menneskeskapte klimaendringar og tap av naturmangfald er vår tids største utfordringar og krev handling så raskt som mogleg. Talet på tilfelle av ekstremvêr, som tørke og flom og risikoen for ytterlegare irreversible konsekvensar ved klimaendringar krev politisk handlekraft. Dette er det unge no streikar for landet rundt. Vi i Liberale Studenter meiner at studentar har all rett til, og god grunn til å streike for framtidas klima.

Tørke og flom og risikoen for ytterlegare irreversible konsekvensar ved klimaendringar krev politisk handlekraft

Venstre er ei avgjerande miljørøyst på Stortinget. Og Venstre har gjort mykje viktig sidan dei gjekk i regjering i 2018. Enova har blitt styrka og bidreg til alt frå havvind på Vestlandet til nullutsleppshamner i Oslo. Det har blitt investert meir enn 7,75 milliarder kroner på klima og miljøtiltak. Elbil og elferje-veksten held fram og transportutsleppa går ned. CO2-avgifta har blitt stramma til og skal no aukast år for år.

I desse dagar inngår også klima- og miljøministeren ein bindande avtale med dei andre EU-landa som forpliktar Noreg til å oppfylle lovnadene sine i Parisavtalen. Gjennom denne avtalen vil EFTA-domstolane difor kunne straffe framtidige regjeringar dersom dei ikkje tar grep.

Likevel synest vi ikkje at nok er gjort. Vi som samfunn har framleis ein lang veg å gå. Då må alle ta tak, inkludert stortingspolitikarar, næringsliv og regjering.

Venstre har slått fast følgjande i sitt prinsipprogram som vi meiner er fundamentalt: «Miljøutfordringane kan løysast på demokratisk vis. Då må demokratiet og det liberale samfunnssystemet elles brukast til å leggje om samfunnet i miljøvenleg retning.»

Som rektor ved NTNU, Gunnar Bovim påpeikte: Elevar og studentar som streikar i dag er morgondagens leiarar. Vi blir ikkje utdanna berre for å akseptere verda som den er i dag. Våre utdanningar skal bidra til å setje samfunnet på ein meir berekraftig kurs. For å få til dette må røystene til dei unge høyrast. Og dette gjer ein best utanfor forelesingssalen.

Les også: Karl Ove Knausgård og 24 andre kultur- og forskingsprofilar støttar skulestreiken og tilsluttar seg Extinction Rebellion