Mållaget vil høyre nynorsk og samisk i «Frost 2»
Til hausten kjem oppfølgjaren til Disney-suksessen «Frost». Noregs Mållag meiner at filmskaparane da bør ta i bruk språkmangfaldet i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Vi vonar at i dubbinga til norsk utgåve tek Disney i Noreg i bruk både dialektar og samisk. Dialektane til barn over heile Noreg er stadig påverka av bokmålstalemål. Difor er det ekstra viktig at barn høyrer ulike dialektar i ein så populær film, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.
Da «Frost» kom i 2013, vart filmen ein internasjonal suksess. Filmen er den animasjonsfilmen fram til no som har spelt inn mest pengar, og musikken til filmen har vorte strøymt 2 milliardar gonger på nettet.
I norsk landskap, men med lite dialekt
Handlinga i «Frost 1» går for seg i eit «norsk» landskap mellom fjord og fjell. Likevel snakkar få av rollefigurane dialekt, og heltinnene Elsa og Anna snakkar normert bokmål.
Handlinga i «Frost 2» er venta å gå for seg delvis i eit nordnorsk og samisk miljø. Leiaren i Mållaget meiner at miljøet som blir skildra også bør blir spegla språkleg.
– Nokre av rollefigurane lyt halde fram med å snakke som dei gjer i første filmen, men for å unngå at den nye filmen vert ei platt kommersialisering av norsk og samisk kultur, er respekt for språk viktig, seier Magne Aasbrenn i pressemeldinga.
Les også om Disney-prinsessene sitt snakkeproblem: Sjølv om «Frost» hadde to kvinnelege hovudkarakterar fekk mennene mest taletid
Sjå teaseren for Frozen 2 her:
Produsenten besøkte Sametinget
Magne Aasbrenn peikar på at NRK i fjor melde om at produsenten av filmen, Peter Del Vecho, var på besøk på Sametinget for samtalar, og meiner det gir von om at Disney vil ta omsyn til lokalt språk og kultur når dei lagar filmen.
Den første teaseren for filmen vitnar om at Disney har gjort nettopp dette. På slutten kjem det nemleg ein joik som kan minna om opningslåta frå den første «Frost»-filmen. Låta «Vuelie» er komponert av den norske komponisten Frode Fjellheim og framført av damekoret Cantus frå Trondheim.
I «Frost 1» er trolla dei einaste som talar og syng på normalisert nynorsk.
Premieren for «Frost 2» er 27. november.
Les også: «Frost» blir Broadway-musikal