mm
Faktaboks

Kjønnsfordeling i replikkane i Disney-filmar:

«Snøhvit og de syv dvergene» 1937: Menn 50 prosent, kvinner 50 prosent

«Askepott» 1950: Menn 40 prosent, kvinner 60 prosent

«Tornerose» 1959: Menn 29 prosent, kvinner 71 prosent

«Den lille havfruen» (1989): Menn 68 prosent, kvinner 32 prosent

«Skjønnheten og udyret» (1991): Menn 71 prosent, kvinner 29 prosent

 «Alladdin» (1992): Menn 90 prosent, kvinner 10 prosent

«Pocahontas» (1995) Menn 76 prosent, kvinner 24 prosent

«Mulan» (1998): Menn 77 prosent, kvinner 23 prosent

«To på rømmen» (2010): Menn 48 prosent menn, kvinner 52 prosent

«Modig» (2012): Menn 26 prosent, kvinner 74 prosent kvinner

«Frost» (2013): Menn 59 prosent, kvinner 41 prosent

LES FAKTALUKK FAKTA

I klassiske Disney-filmar som «Snøhvit og de syv dvergene» (1937), «Askepott» (1950) og «Tornerose» (1959) snakkar dei kvinnelege karakterane like mykje – eller meir – enn menn.

Men etter «Den lille havfruen» (1989) endra dette seg.

Av kritikarane vart Ariel hylla som ein tøff og handlekraftig heltinne. Men hovudrolla mista stemma si i delar av filmen, noko som er talande for 90-talets Disney-filmar.

LES OGSÅ: «Hunger Games»-banar veg for heltinner

Gifteklare jenter
– Det er ei prinsesse som prøver å få nokon til å gifte seg med ho, men det er ingen kvinner som gjer noko anna, forklarar lingvist Carmen Fought, ifølgje Washington Post.

Saman med Karen Eisenhauer held ho på med eit forskingsprosjekt der dei analyserer dialogen i Disney sine prinsesse-filmar.

Etter «Tornerose» kom ut i 1959 tok det tretti år før Disney lanserte ein ny film med kvinneleg hovudrolle.

«Den lille havfruen» markerte eit skilje på fleire måtar.

Klassikaren frå 1989 er den første Disney-filmen med eit stort karaktergalleri.

Men forskarane fann at med større snakkande persongalleri har òg kjønnsbalansen vorte dårlegare.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Den stille havfruen
Sjølv om hovudrolla i «Den lille havfruen» er ei raudhåra havfrue står kvinner for mindre enn ein tredel av dialogen i filmen.  

Det same er tilfellet i «Skjønnheten og udyret» (1991), «Aladdin» (1992), «Pocahontas» (1995), «Mulan» (1998) og «Prinsessen og frosken» (2009).

At Aladdin snakkar meir enn Jasmin i filmen der han har tittelrolla, er ikkje så vanskeleg å forstå. Merkelegare er det at eigenrådige Pocahontas og krigerske Mulan vert overdøyvd av menn. 

Snakkesalige sidefigurar som fisken Fomle, ånden Genie og dragen Mushu er oftast menn.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Ei ny tid
«Eg vil ha fridommen min,» seier den raudhåra bueskyttaren Merida i filmen «Modig» (2012).

Saman med Rapunzel i animasjonsfilmen «To på rømmen» (2010) er filmen unntaket der kvinnene får over halvparten av taletida.

Ein skulle kanskje tru det same var tilfellet i storfilmen «Frost», som har heile to kvinnelege hovudroller i søstrene Elsa og Anna.

Men i den norskinspirerte prinsessesuksessen til Disney står menn for nesten 60 prosent av snakkinga.

LES OGSÅ: – Tolkien ville aldri sendt kvinner i krig 

Sjå trailer til jentevinnaren «Modig»:

Fekk ros for utsjånaden
Men på innhaldsbiten går mykje i riktig retning.

Lingvistane har funne at nyare Disney-filmar er mindre utsjånadsfokuserte i dialogen.

I dei eldste filmane gjekk over halvparten (55 prosent) av komplimenta kvinnene fekk på utsjånad, medan berre 11 prosent gjekk på evner og bragder.

I 90-talsfilmane frå Disney handlar 38 prosent av komplimenta om utsjånad og ein firedel på kva dei kan og utrettar.

I dei aller nyaste filmane får endeleg prinsessene mest skryt for kva dei kan og gjer. Berre ein femtedel av komplimenta går no på utsjånad, medan 40 prosent går på bragder.

Sjå morosame scener frå «To på rømmen»:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE