Storstreik mot lekser i skulen
– Lekser er gamaldags og forsterkar ulikskap, seier streikegeneral Mikkel Øgrim Haugen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Fredag klokka 14 hadde 45.000 meldt seg på leksestreiken på Facebook. Det er Raud ungdom (RU) som står i spissen for aksjonen som byrjar måndag.
– Viss nesten alle som seier dei vil vera med er elevar, så er dette kring ti prosent av alle elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Det er stort, seier skulepolitisk ansvarleg i RU, Mikkel Øgrim Haugen.
Leksene gjer at karakterane går i arv, gir lite læring og stel fritida til ungdom, meiner han.
– Ressurssterke foreldre kan hjelpa borna sine med leksene sine, medan andre elevar er overletne til seg sjølv. Dette er med på å auka forskjellane i skulen, seier han.
Demonstrerer lokalt
1700 har meldt seg som aktivistar som vil vera med på å organisera demonstrasjonar.
– Det hjelper ikkje at elevane sit kvar for seg og streikar. Difor blir det fleire demonstrasjonar og aksjonar. Me vil utfordra politikarane der elevane bur. Det er nemleg ikkje nokon nasjonale retningslinjer for om ein skal ha lekser. Dette er det opp til politikarane lokalt å bestemma, seier Mikkel Øgrim Haugen.
Totalt har over 155.000 meldt seg inn i Facebook-arrangementet Ja til leksefri skoler i Norge.
– Spent på engasjement
Førebels er det ingen andre parti eller organisasjonar som har stilt seg bak leksestreiken. Elevorganisasjonen har ikkje vedteke ein politikk for eller mot lekser.
– Det er kjempepositivt at elevar engasjerer seg i skulekvardagen sin, seier Andreas Borud, som er leiar i Elevorganisasjonen. Han seier dei førebels prøver å stilla seg nøytrale i spørsmålet om lekser, men vil sjå kor mange som vil engasjera seg i spørsmålet framover.
LES OGSÅ: Gjer meir lekser og skulkar mindre
Borud utelukkar ikkje at spørsmålet om lekser vil koma opp på Elevtinget til våren.
Lekser går ut over motivasjonen
Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå frå i fjor viser at elevar med låg sosioøkonomisk bakgrunn som får mykje lekser, presterer dårlegare enn elevar med tilsvarande bakgrunn som får mindre lekser. Dette gjeld 7 prosent av elevane som er undersøkt.
Nokre av årsakene til dette kan vera dårlegare læringsmiljø i heimen eller låg motivasjon. Ei forklaring kan òg vere at oppgåver som burde ha vore undervist og forklart i klasseromsundervisning i skuletida, i staden blir gjeve som heimelekser. I ein viss grad kan difor heimelekser kome i staden for, og ikkje i tillegg til, læring på skulen, skreiv forskar Marte Rønning.
LES OGSÅ: Når karakterar er demotiverande
Ingen lekselov
I 2009 skapte utdanningsdirektør i Hordaland, Kjellbjørg Lunde, stor debatt då ho gjekk ut mot leksene i skulen.
– Læringsarbeidet skal føregå på skulen. Elevane skal ha fri når dei går heim, sa ho til Bergens Tidende, og viste til at det ikkje finst nokon lovheimel for lekser i skulen.
Kva meiner du? Er det på tide å kutta ut lekser i skulen?