Når karakterar er demotiverande

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når karakterar er demotiv- erande

I ein ny rapport søkjer forskarar frå NOVA svar på kva ungdom sjølv meiner gjev motivasjon til skulearbeidet.

– Elevane har klare meiningar om korleis ein god lærar skal vere, fortel Åse Strandbu, ein av forskarane bak rapporten til nova.no. Ein god lærar må vere engasjerande, kunnskapsrik, tolmodig, hjelpsam og snill.

Forskjellar mellom skulesvake og skulesterke
Elevane fortel òg at varierande undervisningsformer bidreg til større skuleinnsats, men dette gjeld ikkje for alle. Dei skulesvake elevane er meir opptekne av dette enn dei skulesterke. Dei skulesvake elevane ønskjer seg mer i variasjon i timene for å orke å følgje med, og dei vurderer sjølv at dei lærar meir i timar med variert undervisning.

LES OGSÅ: Slik blir den nye ungdomsskulen

–  Elevar som framstår som skuleflinke, likar òg variasjon i undervisninga, seier Strandbu, men i forteljingane deira kjem det fram at variasjon ikkje spelar like stor rolle for eigen motivasjon og innsats. Innhaldet i undervisninga er tilstrekkeleg for å vekkje interesse og motivasjon.

Karakterar
Karakterar er viktig for elevane. Dei er viktige for eigen innsats, og òg fordi dei rangerar elevane som skuleflinke, skulesvake, nerdar osv. Dei fleste seier at karakterar har ein verknad på skuleinnsatsen deira. Dei skuleflinke elevane fortel gjerne at karakterar bidreg til at dei gjer lekser og førebur seg til prøver.

Når det gjeld dei skulesvake elevane kan karakterar verke motiverande for dei òg. Men mellom desse elevane finn vi òg utsegn som peikar mot at at karakterar ikkje har denne effekten. Utsegnet "det er ikke noe vits i å øve, for det kan hende jeg igjen får dårlige karakterer", illustrerer godt det anna forsking har vist; av frykt for å feile og framstå som dum, reduserer eleven skuleinnsatsen sin. Motivasjonen blir svekt.

Til saman har forskarane snakka med 52 niandeklassingar på to skular.

Korleis meiner du ungdomsskulen kan bli betre?