Marit Kaldhol blir festivalforfattar
Marit O. Kaldhol blir festivalforfattar under Falturiltu 2019.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Festivalforfattaren er mest kjent for sine poetiske og sterke forteljingar for barn og unge, både bildebøker, diktbøker og romanar. I tillegg har ho gjeve ut lyrikk, forteljingar og romanar for vaksne.
Kaldhol debuterte i 1983, med diktsamlinga Lattermilde laken. Seinare har barneboka Farvel, Rune gjort stor suksess, med sal til tolv land og tildeling av ei rekke internasjonale prisar, blant anna Premio Europeo Pier Paolo Vergerio og Deutsche Jugendliteraturpreis.
Bøkene hennar har vorte lansert i minst 15 land, og ho har mottatt Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for bøkene Kino og Søkeord: ayotzintli og Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Zweet.
Marit O. Kaldhol blir å treffa under årets Vossa Jazz, i samarbeid med Falturiltu.
LES INTERVJU: – Det å skriva hjelpte meg å få ut sorga eg hadde i meg då eg var ung