Barneboka Farvel, Rune frå 1986 er truleg den norske barneboka som er mest omtalt i utlandet. Forfattar Marit Kaldhol og illustratør Wenche Øyen møtte til klassikartime på Falturiltu.
Thea Auestad, Maja Kleveland Straume, Renate Kristina Lodden og Viktoria Barane
Thea Auestad, Maja Kleveland Straume, Renate Kristina Lodden og Viktoria Barane
Fakta

Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten med Lattermilde laken i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne.

Bildeboka Farvel, Rune frå 1986 har vunne fleire internasjonale prisar. Wenche Øyen illustrerte boka.

LES FAKTALUKK FAKTA

Måndag 5. november finn me eit roleg og engasjert publikum i klassikartimen på kafeen Sykkel & Kaffi på Stord.

Farvel, Rune har fått merksemd over heile verda, og er eit minne frå barndommen til mange vaksne. Publikum følgjer godt med gjennom spørsmåla, og av og til kjem det ein latter, trass i at det er ei dyster bok.

Etter samtalen fekk me høve til å intervjua Kaldhol.

Kvifor skriv du så trist? Kva er grunnen til at du valde å skrive om døden?

– Eg trur at da eg var barn, eller ungdom, så hadde eg veldig mykje sorg i meg. Og det å skrive gjorde at eg fekk ut den sorga. Så eg trur det var at eg måtte bearbeida den sorgen.

Frå omslaget til boka.

– Skriving er ein måte å tenkja på. No har ikkje eg den sorga lenger, den er ute! Men det at eg har vore eit alvorleg barn og hatt alvorlege tankar. Det stod veldig mykje der.

Etter di meining, går det ei grense på kor triste barnebøker kan vera?

– Det er livet som set den grensa.

Bør barn vita om døden?

– Dei bør vita at døden finst og at dei kjem til å møta den. Så det å møta det i bøkene først, kan førebu dei. Men dei må kunne snakka med nokon om det og kunna stilla spørsmål.

Kari Stai samtalte med Marit Kaldhol (t.v.) og Wenche Øyen (t.h.). Foto: Viktoria Barane

Du har jo fått mykje ros for boka «Farvel, Rune». Har du fått noko negativ kritikk for ho?

– Nei, i grunn ikkje. Veldig lite. Det var ein gong vi var i Tyskland, då var det ei dame som reiste seg og sa akkurat det ho meinte. Og det var at barn skal skjermast frå døden. Boka var rett og slett for drøy og barn blei mørkeredde og fekk ikkje sova.

Når visste du at du ville bli forfattar?

– Det har eg alltid visst. Skriving var berre noko eg alltid skulle gjera. Og det var berre noko eg alltid gjorde, så det var ikkje snakk om å ikkje skrivae.

Les du mykje sjølv og kva les du?

– Ja, seier ho med ein latter.

– Altså til eldre du blir, til meir kresen blir ein. Eg kan ikkje lesa alt, men eg les ting som eg kjenner triggar meg litt. Men eg les mykje latinamerikansk litteratur. Eg synest det er ein spennande måte å skriva på. Eg leiter alltid etter stemmer som eg kjenner meg igjen i.

Ikkje nødvendigvis gode historier for dei har eg som oftest høyrt, smiler ho.

– Eg kan opna ei bok midt inni og så ser eg på språket om det er noko for meg eller ikkje.

Held du på med ei bok no?

– Ja. Den er veldig annleis og ulik det eg har gjort før. Det er surrealistiske forteljingar. Underlege ting skjer. Men på ein måte, så skriv eg meir politisk no. Skriv om ting som hender i Chile. Men eg kan ikkje røpa så mykje!

Er det eit tema som du er spesielt opptatt av å skriva om?

– Temaet oppdagar eg etter eg har skrive teksten.

Korleis var samarbeidet mellom deg og Wenche Øyen?

– Ho kom på besøk til meg i Ålesund der vi snakka ilag og ho tok mange skisser. Vi møttest ikkje meir enn ein gong. Og så når ho hadde teikna ein del skisser, så fekk eg dei i posten. Masse svart-kvitt teikningar. Og så fekk eg ta stilling til om eg likte dei eller ikkje. Og så fekk eg sjå litt fargar. Det var viktig for ho å kjenna meg. Men eg ville aldri hatt desse bilda i bøkene mine i dag. I dag tenkjer eg, ikkje teikn eller mal akkurat det som er der, skrivne i teksten. Lag bilde som dukkar opp når du les slik at du fortel akkurat den same historia. Altså at illustratøren kjem med sine eigne assosiasjonar. Men det eg skriv no, er vanskelegare å visualisera.

Oppdatert: tysdag 13. november 2018 08.51

Kommentarar

ANNONSE