Her er skodespelarane sine favorittord på nynorsk
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I julekalenderen til Framtida.no fekk alle våre utvalde spørsmål om kva deira favorittord på nynorsk er. Her er svara vi fekk da vi stilte det store spørsmålet til eit knippe skodespelarar, aktuelle på både teaterscena og på tv-skjermen.
Korfor? Kvifor? Kvi?
Skodespelar Preben Hodneland er no aktuell som diplomat Terje Rød Larsen i oppsettinga Oslo på Det Norske Teatret. På teatret speler han òg i Book of Mormon. Samtidig er han å sjå på tv-skjermen som «Geir» i tv-serien Magnus.
Hodneland vel seg spørjeordet korfor i tre forskjellige variantar. Der han synest den mest spektakulære varianten er «kvi».
Kjærleik
– Det må heilt klart vera ein klassikar det, og det er kjærleik, seier Kjersti Dalseide, som no står på scena saman med Hodneland, som Mona Juul i oppsettinga Oslo.
Det same er svaret vi får frå skodespelar og musikar Kim Fairchild, som no er aktuell i Book of Mormon på Det Norske Teatret.
– Det må jo vere kjærleik, smiler Fairchild.
Eg
Endre Synnes Hagerup, kjent som den litt nerdete Nils frå Ulsteinvik i tv-serien Heimebane, skriv sjølv nynorsk. Han vel seg det heilt grunnleggande ordet «eg».
– Eg har blitt veldig glad i eg, det er eit veldig grunnleggande ord, seier Hagerup, og legg til at han liker måten ordet høyrest ut inne i hovudet når han seier det høgt. Han meiner nemleg at han får litt djupare røyst av å seie «eg».
Tryn(e)sleikja
Emma Bones har i året som gjekk vorte eit kjent ansikt, eller tryne, om du vil, for mange tv-sjåarar her til lands. Ho speler Camilla i Heimebane, dottera til Varg-trenar Helena Mikkelsen.
Bones har ikkje noko nært forhold til nynorsk, men ho vel seg ordet «tryn(e)sleikja».
– Det er veldig artig, smiler ho, og trur det skal bety noko sånt som å kline. Om vi ikkje finn ordet ordrett i nynorskordboka frå UiB, så finn vi både tryne og sleikje, så kven veit om ikkje «trynsleikja» kan bli å finne i den reviderte utgåva av ordbøkene som er under arbeid i desse dagar?
Ho
Cicci Henriksen er for tida å sjå som politibetjent i tv-serien Magnus. Samtidig har ho regi på førestillinga Blokk til blokk som går på Det Norske Teatret.
Henriksen er spesielt glad i ordet ho.
– For det seier vi heime i Sarpsborg òg, seier Henriksen, på tydeleg Sarpsborg-dialekt.
Kva
Geir Kvarme spelar no i Peer Gynt som går for fulle hus på Det Norske Teatret, og er for mange kjent frå både tv- og film-verda. Han tek ein kunstpause når vi presenterer det eksistensielle spørsmålet for ein skodespelar ved nynorsk-institusjonen Det Norske Teatret. Kva er ditt favorittord på nynorsk? Det er så mange, ler han, og endar opp med eit «Kva».
Her kan du òg lese kva som er favorittorda på nynorsk blant leiarane av ungdomspartia