Kvar er den mest attraktive staden i landet?
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete ber om framlegg til kandidatar til Statens pris for attraktiv stad 2012.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den nye, årlege kåringa skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad for å bu, arbeide, drive næring og besøkje. Kåringa skal bidra til å løfte fram førebilete, som kan inspirere andre til innsats.
Prisen er ei pengegåve på 250.000 kroner, som skal gå til vidare opprusting av den aktuelle staden.
Dei som har forslag til prismottakarar må lese statuttane, som vert lagde ut på heimesidene til Distriktssenteret.
LES OGSÅ: Dette er ein attraktiv kommune
Førsteamanuensis Erling Dokk Holm blir leiar for juryen på tre medlemmer og to varamedlemmer. Landskapsarkitekt og sjølvstendig næringsdrivande i Årdal i Sogn, Siri Benjaminsen, og leiar for Norges Bygdeungdomslag, Inger Johanne Sveen, er dei to andre jurymedlemene.
Byplanleggjar i Arendal kommune, Michael Fuller Gee, og rådgjevar for stadutvikling i Nordland fylkeskommune, Heidi Ramsvik, er varamedlemer.
Vinnaren av neste års konkurranse skal etter planen offentleggjerast i mai 2012. (©NPK)
Kva meiner du er Noregs mest attraktive stad?