Press-leiaren håpar at regjeringa i 2019 vil setje born sitt beste først
Mina Vinje ser tilbake på eit år med både skuffelsar og høgdepunkt. Gjennomslaget til rapporten Prosjekt Perfekt er krona på verket.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Kva har gledd deg mest dette året?
– At Stortinget i vår vedtok fleire forslag frå rapporten vår Prosjekt Perfekt for å redusere kroppspress blant barn og unge, og at maksgrensa på 10 000 kroner for familiar på asylmottak vart fjerna i statsbudsjettet.
– Kva har skuffa deg mest?
– At Stortinget i haust vedtok å ikkje gje asylsøkjande born med avslag på asylsøknaden tilbod om skulegang fram til utsendingsdato. Når ein får endeleg avslag på asylsøknaden, mister ein retten til vidaregåande opplæring, men mange må likevel verte i landet av ulike grunnar i fleire månader etter dette.
Det er urettferdig og diskriminerande at ein ikkje får gå på skule medan ein ventar på utsending!
Les også: Som ny torde ho ikkje å gå på møte i Natur og Ungdom. No blir ho leiar i Press
– Kva er ditt største ønske for 2019?
– At Press får endå fleire medlem, og at politikarane vil setje barn sitt beste først når dei tek avgjersler.
Les også: Press vil ha slutt på midlertidig opphald for mindreårige asylsøkarar