Bodø lokkar studentar med pengar

Bodø bystyre vil betale 5.000 kroner til kvar student som endrar folkeregistrert adresse til Bodø kommune. Det vil heimkommunane til desse studentane tape på, og forslaget møter motsand, fortel NRK.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved Nord universitet i Bodø er det 1.131 studentar som har bustadadresse ein annan stad enn i Bodø.

For kvar student som melder flytting, taper den opphavlege heimkommunen om lag 25.000 kroner året i såkalla innbyggjartilskot frå staten.

For små kommunar med få innbyggjarar, kan dette bli store beløp. Tal frå Telemarksforskning viser at Kristiansand kommune tener rundt 20 millionar kroner i året på eit liknande tiltak som det i Bodø, skriv Avisa Nordland. Også studiestader som Bergen, Stavanger og Bø har innført støtteordningar for studentar som melder flytting.

Les også: Studenthybelen til Magnus (21) er ein båt

Bølla i klassen

Forslaget til Høgre, Venstre, MDG og KrF i Bodø bystyre blir derfor ikkje spesielt godt mottatt av nabokommunane til fylkeshovudstaden i Nordland.

– Det er utruleg skammeleg at dei kan finne på noko sånt. Eg blir rett og slett forbanna, seier Sortland-ordførar Tove Mette Bjørkmo frå Arbeidarpartiet, til NRK.

– Bodø opptrer som bølla i klassen, og dette er skikkeleg kjipt, seier Vestvågøy-ordførar Remi Solberg, også han frå Arbeidarpartiet.

Høgres ordførarkandidat i Bodø, Lars Vestnes innrømmer at forslaget handlar om å hente inn pengar i kommunekassa.

– Dette er ei ordning som byrjar å bli vanleg i dei store høgskule- og universitetsbyane. Og vi har funne det riktig å gjere det same i Bodø.

Les også: Derfor trivst studentar i Trondheim