Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris 2018

– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal. 

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag.

Sogndal Fotball ved sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i samband med ein treningskamp i Sarpsborg.

– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal.

Slik reagerte Dialektprisvinnar Lothepus då han mottok heider: – Det er sikkert gode greier det, eg veit ikkje kva det er for noko.

– Utvidar området der folk møter nynorsk

For juryen har det vore ein føremon at Sogndal Fotball ikkje er ein heilt tradisjonell næringslivsaktør. I grunngjevinga skriv dei:
– Vi legg vekt på å gi prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma, ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar.

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006, og Sogndal Fotball er tiande i rekkja som får heideren. Magne Aasbrenn fortel at konkurransen blir hardare for kvart år.

– Nynorsken siglar i medvind i næringslivet, for det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som marknadsføringsspråk.

I tillegg til Magne Aasbrenn sit Olin Johanne Henden, Arne Hjeltnes, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.

Tidlegare vinnarar av Nynorsk næringslivspris er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku’n og Lerum.

Les også reportasjen om nynorsk i næringslivet: – Me kjende at det gav oss kredibilitet å skriva på nynorsk, seier Karoline Arnesen frå Von kommunikasjon.