Frankrike: Macron vil stenge kjernekraftverk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den franske presidenten la tysdag fram landet sin energiplan for dei neste ti åra. Der kom det fram at Macron vil gjere Frankrike mindre avhengig av kjernekraft.

Det melder Teknisk Ukeblad.

Kjernekraft-gigant

Frankrike får i dag 75 prosent av si energyforsyning frå kjernekraft, og har 58 kjernekraftreaktorar i drift. Emmanuel Macron vil no stenge 14 av desse innan 2035.

Samstundes utvidar presidenten tidsfristen sett av forgjengaren François Hollande, som i si tid lova at landet innan 2025 maksimalt skulle få 50 prosent av energiforsyninga si frå kjernekraft. Macron seier no at det nye målet er at dette skal skje innan 2035.

Les også: Fusjonskraft skal vere realisert innan 15 år

Satsar fornybart

Teknisk Ukeblad skriv vidare at den franske presidenten lovar at Frankrike heller skal konsentrere seg om fornybar energi, og at han vil prioritere å gjere landet økonomisk uavhengig av drivstoff som bidreg til global oppvarming.

Ifølgje World Nuclear News, seier Macron likevel at reaktorane berre vert stengde dersom leveringssikkerheita er i boks. I den samanheng krev han difor at nabolanda framskundar sine energiovergangar, reduserer genereringskapasiteten frå kolkraftverk, og har ei storstilt utvikling i fornybar energi.

Macron annonserte også at Frankrike vil stenge sine fire gjenverande kolkraftverk innan 2022, noko han kallar eit pioner-tiltak, «fordi realiteten er dessverre den at over heile verda, så opnar vi nye kolfyrte kraftverk framfor å stengje dei».

Les også: Ei halv grad med enorme konsekvensar