KrF og SV vil styrkja populære nynorske tilbod for barn og unge
Begge parti vil sikra framtida til Framtida.no og Framtida Junior med 1,2 millionar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Budsjettframlegget til regjeringa var godt på nynorsk, men vi sakna ei styrking av LNK sitt arbeid med Framtida.no og Framtida Junior, seier stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).
Fredag la partiet fram det alternative statsbudsjettet sitt, og ei styrkinga av barne- og ungdomstiltaka på nynorsk.
– Dette er viktige måltiltak. Dei er gode fordi dei treff målgruppa. Eg håpar vi får gitt ei påplussing etter forhandlingar med regjeringa, så kan gode prosjekt bli endå betre, seier Storehaug i ein kommentar til Framtida.no.
Må kutta utan auke
Det er Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) som driv Framtida.no og Framtida Junior. Etter berre litt over eitt år i drift har Framtida Junior hatt over 70.000 brukarar innom nettsidene sine.
Framtidajunior.no står førebels utan finansiering til neste år, og Framtida.no må kutta i tilbodet utan auke i statsstøtta til LNK. Begge er i stor grad finansiert med prosjektstøtte som går ut til nyttår.
SV vil gi til nynorskrobot
SV la fram sitt alternative budsjett onsdag, og også dei vil styrkja Framtida.no og Framtidajunior.no.
I tillegg legg SV inn ekstra støtte til nynorskroboten til Nynorsk pressekontor, Vinjesenteret og Nynorsk avissenter.